Lars Helge skulle fiske laks – fekk kalv på kroken

JÆREN (NRK): Lars Helge Sæbø trudde han såg ein kjempestor laks som hoppa, men fisken landa aldri. Då «laksen» kom nærare såg han at det var ein nyfødd kalv.

Fekk kalv på kroken

Plutseleg kom ein kalv flytande ned elva mens Sæbø skulle fiska laks.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Eg var sjokka. Det einaste eg klarte å tenkje var at han måtta opp på land.

Tysdag morgon skulle Lars Helge Sæbø fiske laks i Figgjoelva på Bore på Jæren, då han såg ein kalv som kom flytande ned elva.

Kalven hadde berre snuten opp frå vatnet og flaut med straumen.

Lars Helge Sæbø

Lars Helge Sæbø skulle fiske laks, då han såg kalven i elva.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Den einaste måten han kunne få kalven opp frå vatnet på, var med fiskestonga. Han sprang langs elva og tok mange kast etter han.

– Det var ikkje lett.

Fiskekrok

Denne sluken brukte Lars Helge til å dra inn kalven.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Han fekk til slutt eit fint kast rett bak øyra, og klarte å dra kalven på rundt 45 kilo mot land med fiskestonga.

Munn til munn på kalven

Då kalven var dratt opp på land, var han heilt utmatta og slapp. Han klarte ikkje å stå på beina.

– Eg starta å massere og riste på beina, og tok munn til munn på kalven til eg høyrde ein lyd frå han. Så kom det vatn ut av munnen, fortel Sæbø, som har erfaring med kyr frå tidlegare.

Han tok kalven med til bilen, og la han i baksetet. Der låg han og skalv før han etter kvart kvikna til.

Kalven ble funnet i Figgjoelva

Han tok med kalven inn i bilen og køyrde han til nærmaste gard.

Foto: Privat

– Eg blir litt rørt når eg tenkjer på kva som skjedde.

Kalven hadde drukna utan hjelp

Han tok kavlen med til nærmaste gard, der Torunn Renate Bore var. Ho blei heilt paff då ho høyrde kva som hadde skjedd med kalven hennar.

– Eg forstod ingen ting. Eg har aldri opplevd dette før. Dette er ein utruleg historie.

Torunn Renate Bore

Torunn Renate Bore blei heilt paff då ho høyrde kva som hadde skjedd.

Foto: Anna Sørmarken Vestly

Ho ringde med ein gong mannen sin og fortalde alt.

– Eg er veldig takksam for det han har gjort. Hadde han ikkje redda kalven, hadde han ikkje overlevd. Eldre kalvar og kviger kan symja, men det kan dei ikkje når dei er nyfødde. seier Lars Bore.

Glade for at kavlen er redda

Bonden Lars Bore, fiskar Lars Helge Sæbø og Torunn Renate Bore er glade for at kalven blei redda.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Kalven var berre eit par timar gammal, og hadde blitt fødd på beitet og falt ut i elva. Kalven har flote med elva i fleire hundre meter før han blei redda.

Kallar kalven opp etter redningsmannen

To dagar etter redninga, ville Sæbø koma tilbake til garden for å sjå at alt var vel med kalven.

Fekk møta kalven.

Lars Helge ville sjekka at alt var bra med kalven.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Han er heilt frisk, fortel Torunn Beate Bore.

Kalven fekk servert fire liter mjølk av redningsmannen.

– Me pleier ikkje å gje namn til kalvane, men me må nesten kalla han opp etter deg. Då blir namnet Sæbø 2288, seier Torunn Beate Bore.

Kalven

Kalven blir kalla Sæbø 2288, etter fiskaren som redda han.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK