Hopp til innhold

– Hos dei fleste forsvinn interessa for absurde seksuelle handlingar når ein kjem ut av skapet

Sexolog Thore Langfeldt forklarte seg i Birkedal-saka i dag. Han sa at Trond Birkedal sine handlingar er eit typisk døme på ein maskulin homofil sine kompleks.

Sexolog Thore Langfeldt

SAKKUNNIG VITNE: Sexolog Thore Langfeldt vitna over telefon i Birkedal-saka torsdag.

Foto: Henrik Myhr Nielsen/ Helge Tvedten / NRK

Arvid Sjødin i retten

Det var Birkedal sin forsvarar, Arvid Sjødin, som hadde kalla inn Thore Langfeldt, som sakkunnig vitne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Forsvarar for Trond Birkedal, Arvid Sjødin, byrja utspørjinga av Thore Langfeldt som jobbar på Institutt for klinisk sexologi og terapi.

– Du kjenner Birkedal-saka, korleis vil du sei han har oppført seg i forhold til studia dine?

– Han har oppført seg heilt i tråd med andre maskuline homofile eg har vore i kontakt med, var svaret frå sexologen.

Karakteriserar Birkedal som maskulin homofil

I studia på om lag 50 personar, som han kallar for maskuline homofile, viser det seg at dei ikkje blir blinka ut som homofile som barn, og at dei i vaksen alder kan finna på absurde seksuelle handlingar som skjulte homofile.

Han meiner dette også er tilfellet for Trond Birkedal. Dersom ein er feminin homofil skal det vera lettare å koma ut av skapet, enn dersom ein er maskulin homofil.

– Dersom du er feminin vil mange i omgangskretsen din anta at du er homofil, du blir dermed hjelpt ut av skapet, sa Langfeldt.

Dermed kan dei maskuline homofile bli vaksne, få familie, og framleis ikkje ha kome ut av skapet. Det er då det kan oppstå absurde seksuelle handlingar ifølgje Langfeldt:

– Lengselen etter mannleg kontakt er så stor at dei underlegaste ting kan skje, sa Langfeldt.

– Nokon treng litt hjelp

– Er det lett å styra dette? Spurte Arvid Sjødin.

– Det er vanskeleg å sei, men det ser ikkje slik ut. Dette er sterke mekanismar som det er vanskeleg å hamrast opp med, sa Langfeldt.

– Når ein så har kome ut av skapet, blir det då slutt på dette?

– Nokon treng litt hjelp, men hos dei fleste forsvinn interessa for absurde seksuelle handlingar når ein kjem ut av skapet.

Bistandsadvokat Hege Salomon spurde Langfeldt om skadeverknadene for ein 15-åring som blir utsett for overgrep av ein eldre mann. På dette spørsmålet var det mindre Langfeldt kunne sei:

– Det er veldig ulikt frå person til person, og det er ikkje mogleg å sei noko generelt om dette, svarte Langfeldt.