100 meter lang snø-kø på Sola

Snøvêret på Austlandet førte til lange, lange køar på Sola. Mange fly er forseinka eller innstilte der og på Karmøy.

Lange køar på Sola

LANG, LANG REKKE: Slik var køen på Sola klokka 20 torsdag kveld.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Nett då Austlandet trudde dei var ferdige med snøen for i år, gjorde Kong Vinter eit comeback av dei sjeldne. Opp mot 60 centimeter snø nokre stader har lamma mykje av kollektivtrafikken og flytrafikken på Sør- og Austlandet.

Begge rullebanene på Oslo lufthavn var ikkje i drift att før torsdag ettermiddag.

Men snøen har også fått følgjer for flytrafikken til og frå Sola og Karmøy. Fleire fly er mange timar forseinka, og nokre, både til og frå fylket, er innstilte. Køen utanfor billettluka på Sola var torsdag kveld over hundre meter lang.

– Dei som har fått flyet sitt kansellert eller kraftig forseinka, må i skranken der for å booke om billettane, seier Leif Anker Lorentzen, flyplassjef på Sola.

Dei som skal fly i morgon må også passa på. Norwegian sin avgang frå Sola til Bergen klokka 08.00 er allereie innstilt. Om det er som følgje av snøkaoset eller ikkje, veit ikkje Lorentzen, men det er ikkje usannsynleg.

– Ein kan risikera at fly og mannskap står på ein annan flyplass enn dei eigentleg skulle vore i kveld, så då må flyselskapa leggja ein ny kabal. Dei jobbar nok veldig hardt med korleis dei skal løysa detta no, seier han.

Han har éi oppmoding til dei som skal fly i morgon tidleg:

– Folk må følgja med på nettet i morgon tidleg om flya går som normalt eller ikkje!