- SISTE: Nå går ferjesambandet mellom Arsvågen og Mortavika i normalrute.
Ferjene på E39 over Boknafjorden har tysdag føremiddag gått mellom Arsvågen og Mekjarvik, i staden for Mortavika, på grunn av sterk vind.
Dette skapte vidare problem frå Kvitsøy-ferja som normalt bruker Mekjarvik-kaien.
– Ferja til Fjord1 stod jo der ei lang stund utan å koma seg ut grunna den sterke vinden. Så i staden for å konkurrera om den same ferjekaien gjekk me heller inn til Stavanger, seier Gaute Gangenes, som er regiondirektør i Norled.
- Les òg:
- Les òg:
Oppdatert ferjeinformasjon
Derfor gjekk 9-ferja til Kvitsøy frå Fiskepiren i Stavanger. Øyvind Eikelid er ein av dei som derfor ikkje kom seg inn til Kvitsøy, men blei ståande i kø.
– Eg skulle over med materiale til ei hytte, så den hytta blir nok ikkje bygd i dag, seier Eikelid, som tek det heile med godt humør.
Gaute Gangenes reknar med at avgangane utover dagane vil gå frå Mekjarvik.
Her finn du oppdatert informasjon om avgangane.
Ifølgje begge ferjeselskapa så må ein rekna med litt forseinkingar i sambandet.
Problem for cruiseskip
Vêret skaper også problem i cruisetrafikken i Rogaland.
Skipet «Mein Schiff 4» skulle ha gått inn til Haugesund tysdag morgon, men blei på grunn av vêret liggande i Bergen.
Det skriv Haugesunds Avis.