Hopp til innhold

Alvorleg ulukke på E39

E39 har vore stengt i to timar etter ei alvorleg trafikkulukke ved Kårstø. Tre personar er frakta til sjukehus. Det er allereie meldt om svært lange køar i ferieutfarten.

Trafikkulukke ved Kårstø

To bilar frontkolliderte på E39 like nord for Boknafjorden.

Foto: Kjell Bua

  • Siste: Vegen er nå opna
Lange køar etter ulukka

Omkøyringsvegen kunne ikkje brukast av større køyretøy. Derfor blei det lange køar av bussar og trailerar etter ulukka.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Like etter klokka 16.30 melde politiet om ein front-mot-front-kollisjon på E39 ved Statoil sitt gassanlegg på Kårstø. Dette er like nord for Arsvågen ferjekai.

Skadeomfanget er ukjent, men ein mann i 50-åra er frakta med helikopter til Stavanger universitetssjukehus, han skal ha vore åleine i den eine bilen.

– Tre personar er frakta til sjukehus. To til Haugesund sjukehus med ambulanse og ein med helikopter til Stavanger universitetssjukehus, seier fagleiar i brannvesenet Tysvær, Kjetil Staveland.

I den andre bilen sat ein mann og ei kvinne. Desse kom altså frå ulukka med lettare skader.

Trafikkulukke ved Kårstø

Tre personar er frakta til sjukehuset etter trafikkulukka.

Foto: Kjell Bua

Ulukkesgruppa er på veg

Ifølgje vitneobservasjonar skal bilen som kom sørfrå ha kome over i motsett køyrefelt før kollisjonen.

– Statens vegvesen si ulukkesgruppe skal granska ulukka, seier Håkon Tornes, som er operasjonsleiar i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Kort tid etter ulukka blir det meldt om lange køar. Sidan det er fredag før haustferien er det meir trafikk enn på ein vanleg fredag.

Klokka 18.30 melder politiet om at eitt køyrefelt er opna, slik at tyngre køyretøy kan passera ulukkesstaden. Klokka 19.40 er vegen open.

Laster Twitter-innhold
Trafikkulukke ved Kårstø