NRK Meny
Normal

Lang kø på Sola

I ettermiddag gjekk køen til tryggingskontrollen, heilt ut til inngangsdøra på Stavanger lufthamn, Sola.

Lang kø på Sola

Sikkerhetkontroll-køen gjekk til inngangsdøra på Sola i dag

Foto: Terje Tobiassen

Terje Tobiassen skulle til Gardermoen på fredag ettermiddag. Han var oppgitt over tryggingskontroll-køen, som møtte han heilt ute ved inngangsdøra.

– Det var ikkje dette eg hadde tatt høgde for, då eg planla kor lang tid eg måtte bruka på flyplassen, seier Tobiassen.

Vanleg helgefenomén

– Det er opptil 25 minuttars kø i tryggingskontrollen på travle helgedagar. Årsaka er at dei fem-seks tryggingsslusene, som er i drift, ikkje klarer å ta unna for alle passasjerane.

Sola flyplass

Passasjerer i kø på Sola, 18. august 2011

Foto: Bjørn Grimen / NRK

Det seier Stig Jone Nevland, som er driftssjef ved Stavanger Lufthavn, Sola.

Har planar om utviding

Det er den store auken i talet på passasjerar dei siste to åra, som gjer at kapasiteten er sprengt. Nå skal flyplassen snart i gang med å dobla talet på tryggingssluser.

– Sola kjem til å få til saman 10 eller 12 nye sluser, og då bør det bli slutt på 15–25 minuttars køståing på dei travlaste dagane, seier Nevland.