Jentegjeng på plass til det 31. landstreffet for russen i Kongeparken på Ålgård.
Stille før stormen. Snart er Kongeparken full av 13.500 russ som festar og dansar.
Kanskje litt tidleg for det endå.
Nokon måtte rydda ut den gamle festen før dei kunne byrja på den nye.
Ein bussjåfør, ein bussjåfør...
Arrangøren har fokus på sikkerheit, og alle som skal inn til Kongeparken blir kontrollerte.
Russen kjem i alle fargar, også grøn.
President Vladimir Putin har fått æra av å pryda baksida av ein av russebussane på Landstreffet 2017.
Det er ikkje kvart år at russen har bruk for solbriller på landstreffet, men slik vêrutsiktene er nå, skal det vera sol og varmt både fredag og laurdag.
Jentene i Modern Masterpiece har reist frå Bergen og ser fram til drikking, konsert og samhaldet med andre vennar denne helga.
Glasflasker og andre farlege gjenstandar må leggjast att i teltet på veg inn til området.
Inne i fleire av bussane er festen allereie i gang.
Det vil bli mykje russ å sjå i Ålgård denne helga, men ålgårdbuen er vande med det. Dette er nemleg 31. gong det blir arrangert russetreff her.
Alt er pakka og klart til å feira 13 år med skulegang.
1.100 frivillige legg ned 8000 dugnadstimar i løpet av Landstreff-helga. Her er Bryne FK-trenar (t.v) Ole Hjelmhaug saman med dagleg leiar i same klubb Asle Tjøtta (nummer to frå venstre) i full sving med å plukka søppel.