Nybakte mødre blir yngre i Rogaland

Kvinnene som føder ved sjukehuset i Stavanger er yngre no enn for få år sidan. På fire år har gjennomsnittsalderen falt frå 34 til 30 år.

Nyfødt baby på SUS

Anita Auglend og Ronny Ponni Einarsen ble foreldre til Kaja i romjulen.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

På barselhotellet på Stavanger universitetssjukehus finn me dei nye verdsborgarane. Ei av dei er Kaja, og ho er ein og ein halv dag gamal. Rundt ho står to stolte foreldre.

Kaja er deira første barn. Mor, Anita Auglend, er 35 år, og sjølv hadde ho ikkje trudd at ho kom til vente så lenge med å få barn.

Anita Auglend

Anita Auglend og Ronny Einarsen er nybakte foreldre.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle bli 35 år før eg vart mor, men nå blei det sånn, og det er greitt. Eg føler meg jo ikkje så gamal, ler Auglend.

Trenden har snudd

For få år sidan var gjennomsnittsalderen til dei som fødde på sjukehuset i Stavanger godt over 30 år. Og då hadde alderen stege over fleire år.

– Fram til 2010 var det ein lang periode der me såg at alderen auka jamt år for år. Gjennomsnittsalderen steig med om lag 2 månadar kvart år, fortel jordmor og sjukpleiefagleg koordinator ved Stavanger universitetssjukehus Oddrun Hompland.

Oddrun Hompland

Jordmor og sjukpleiefagleg koordinator Oddrun Hompland ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Men frå 2010 skjedde det ei endring.

– Statistikken i Stavanger viser at frå 2010 og fram til no så har gjennomsnittsalderen for dei fødande gått ned med fire år, seier Hompland.

Frå 2010 til 2014 har gjennomsnittsalderen for alle kvinner som føder gått frå 34 til 30 år.

– Men eg veit ikkje kvifor det er slik, seier Hompland.

For i den same perioden har heller ikkje talet på førstegongsfødande auka, noko som kunne ha forklart kvifor statistikken viser at mødrene blir yngre.

No er gjennomsnittsalderen for dei fødande i Stavanger om lag den same som den er nasjonalt. For i Norge har gjennomsnittsalderen vore om lag 30 år dei siste fire åra.

– Lettare når ein er yngre

Anita Auglend som sjølv venta til ho var 35 år med å få barn, trur det er bra at fleire får barn tidlegare.

– Eg trur det er positivt at alderen går ned. Det er sikkert enklare for dei som er yngre å bli mor for første gong. Det er jo nattevaking, du skal vera med på ting, du skal halde ut, seier Auglend.

Men de kjem til å takle det?

– Ja, det trur eg. Det skal ikkje vera noko problem.

Fødeavdeling, Stavanger Universitetssykehus

Kvinnene som kjem til fødeavdeling ved Stavanger universitetssjukehus er yngre no enn for få år sidan.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK