Hopp til innhold

Læraropprør: – Me er forbanna

Lars Astrup har vore lærar på Gand videregående skole i Sandnes i 32 år. Nå trugar han å slutta i jobben på grunn av forslaget om endra arbeidstid.

Kampviljen har aldri vært større, mener en samlet lærerstand. De er opprørte over KS sitt forslag til ny arbeidstidsavtale.

Mange lærarar er frustrerte over at KS vil gi lærarane kortare og fleire arbeidsveker gjennom året.

Kommunesektorens organisasjon (KS) vil at lærarane skal ha kortare arbeidsdagar, men fleire arbeidsveker gjennom eit arbeidsår.

Meir bunden arbeidstid og kortare arbeidsveker gir lærarane færre avspaseringsdagar. Alt dette har ført til opprør i lærarstanden, og i kveld demonstrerer mellom 300–400 lærarar i samband med KS sin strategikonferanse på Quality Airport Hotel Sola.

Med seg har dei lykter som dei skal sløkka, som eit symbol på at KS sløkker gløden hos lærarane.

– Me er rasande

Ingeborg Tyse

Ingeborg Tyse, lærar.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Lærarane meiner KS sitt forslag til ny arbeidstidsavtale er eit tjuveri av både fridomen og motivasjonen i yrket. Lærar Lars Astrup på Gand videregående er klar i talen.

– Oss lærarar er forbanna, rett og slett. Eg er tillitsvald på skulen og kvar dag kjem det lærarar bort til meg og spør korleis det går med forhandlingane om ny arbeidstid.

Astrup har ikkje opplevd liknande kampvilje blant lærarane i dei 32 åra han har jobba ved skulen.

– Dette er noko me skal kjempa for. Nå er me rasande, tordnar han.

Astrup får støtte av lærarkollega Ingeborg Tyse ved Stavanger katedralskole.

– Dette er grasrota som står opp og seier at dette finn me oss ikkje i, seier ho.

(Artikkelen held fram under bilde).

Lærarprotest

Mellom 300–400 lærarar gjekk i protestmarsj frå Sola kirke til Quality Airport Hotel Sola i kveld.

Foto: Tom Edvindsen

– Skuleeigarane skal få bestemma

Mette Gundersen

Mette Gundersen, KS.

Mette Gundersen er nestleiar i KS, og seier dei ønsker å kjempa for at det er dei lokale skuleeigarane som skal få vera med å utarbeida arbeidsåret til sine lærarar.

– Kva er det som ikkje fungerer optimalt i dag, ifølge KS?

Det er mange ulike eksempel på det. Det kan vera skuleeigarar som ønsker meir fleksible ordningar, og som ønsker å bruka lærarane annleis, og som møter motstand på det.

Får KS det som dei vil, fryktar lærarane massivt mannefall i skulen.

– Når lønna vår kanskje er eit par hundre tusen lågare enn elles, er det klart at dagens organisering av arbeidsåret gjer det attraktivt å bli lærar, seier lærar ved Gand, Lars Astrup.

Lærarprotest

Lærarane hadde med seg lykter som dei sløkte under demotoget. Dette skulle vera eit symbol på at KS sløkker gløden hos lærarane, ifølge dei sjølv.