Hopp til innhold

Lærar som er sikta for å ha overgrepsbilete skal ha teke bilete sjølv

Den mannlege læraren frå Jæren som i januar blei sikta for å ha overgrepsbilete av barn har nok ein gong fått forlenga varetektsfengsling.

Ifølgje Rogalands Avis blei varetektsfengslinga til den 29 år gamle læraren på Jæren forlenga med fire nye veker på torsdag.

Læraren, som også har vore aktiv som leiar i frivillige organisasjonar for barn- og ungdom, blei først sikta for å ha overgrepsbilete av barn. Nå er han også sikta for å ha produsert framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller produsert framstilling som seksualiserer barn.

Ifølgje Rogalands Avis jobbar politiet med å identifisera barn under 16 år, som den sikta skal ha vore i kontakt med på Skype.

Til Jærbladet seier politiadvokat Herdis Traa at dei har klart å identifisera nokon av barna på bilete som læraren har hatt.

– Men ikkje mange per nå, seier ho til avisa.