NRK Meny
Normal

Lærar skal ha filma rundt 40 nakne gutar

Gutane skal ha blitt filma med skjult kamera i garderobe og dusj. Så langt er det ingenting som tyder på at gutane er utsette for fysiske overgrep.

Rådhuset i Hå kommune

HÅ KOMMUNE: Læraren, som var tilsett i Hå kommune, er permittert frå stillinga. Ifølgje kommunen kan han aldri koma tilbake i lærarstilling igjen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Herdis Cathrine Traa

GÅR GJENNOM DATA: Herdis C. Traa er politiadvokat i saka. Ho fortel at politiet framleis går gjennom store mengder data som har blitt beslaglagt i saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me blei kontakta av ein mann som hadde vore i ein offentleg symjehall. Der hadde han sett læraren og fått mistanke om at han brukte mobiltelefonen sin til å filma barn i garderoben, fortel politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt Herdis Cathrine Traa.

Dette var bakgrunnen for at mannen i 30-åra, som var lærar ved ein skule i Hå kommune, blei pågripen og varetektsfengsla i januar i år.

– Han er sikta for å ha hatt overgrepsbilete med barn på datamaskinane sine, som politiet har teke beslag i. I tillegg er han sikta for å filma ungar med skjult kamera, seier Traa.

Har hatt kontakt med mange barn

Politiet er framleis ikkje ferdige med å gå gjennom alt datamaterialet dei har teke beslag i, men allereie har om lag 40 lokale barn fått status som fornærma i saka. Så langt er det ingenting som tyder på fysiske overgrep mot desse barna.

I førre veke blei alle føresette ved skulen varsla om funna. Til stades på møte var politiet, representantar frå Barnas Hus, kommunen sitt kriseteam, rektor, skulesjef og kommunalsjefen.

Odd Rune Torstrup

ADVOKAT: Odd Rune Torstrup er forsvarar for læraren. Han seier at klienten hans ønsker å hjelpa politiet med å få kartleggja kva som har skjedd.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me fortalde om funna politiet har gjort. Dei som har identifiserte barn, har blitt kontakta direkte av politiet, seier Traa.

Hjelp frå Kripos

Politiet i Stavanger har fått hjelp av Kripos til å gå gjennom datamaterialet.

– Me undersøker om datamaterialet har blitt delt på internett, i tillegg til at me sjekkar opp i dei andre miljøa der læraren har vore i kontakt med barn, seier Traa.

Frå før er det også kjent at politiet jobbar med å gå gjennom video frå Skype-samtalar han skal ha hatt med andre personar.

– Det er mykje datamateriale me må gå gjennom, men alt er ikkje straffbart, seier Traa.

Har ikkje teke stilling til skuldspørsmålet

Det er Odd Rune Torstrup som er forsvarar for læraren, som framleis sit varetektsfengsla.

– Korleis stiller han seg til siktinga?

– Per i dag har me ikkje teke stilling til straffskuld eller ikkje. Me prøver å hjelpa til med å få klarlagt kva som har skjedd. Når det er gjort, vil me sjå på siktinga og vurdera om det på delar av den er grunnlag for å erkjenna straffskuld, seier Torstrup til NRK.