Hopp til innhold

Dette er ein del av pensum

– Det er viktig å kjenna sine eigne grenser, seier universitetslektor, Geirulf Tronerud. I dag måtte 20 av studentane hans kasta seg i sjøen for å kjenna korleis kroppen reagerer.

Studentane på bachelorstudiet i idrett på Universitetet i Stavanger, kasta seg i dag i sjøen i Stavanger.

SJÅ VIDEO: Her hopper studentane i Vågen i Stavanger. (Video: Benedicte Rottem)

Geirulf Tronerud

Geirulf Tronerud er universitetslektor på bachelorstudiet i idrett ved UiS.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Studentane på bachelorstudiet i idrett, ved Universitetet i Stavanger, kasta seg i dag i sjøen i Stavanger. Dei 20 lærarstudentane skulle læra kvifor det er vanskeleg å redda nokon i kaldt vatn.

– Alle kan til dømes falla ut av ein båt på vinterstid. Derfor kan det vera greitt å vita noko om korleis kroppen faktisk reagerer på å hamna i kaldt vatn, seier Geirulf Tronerud, som er universitetslektor ved UiS.

– Gruar meg som f***

Derfor måtte dei altså ut av klasserommet i dag.

– Dei skal hoppa uti og svømma ut til ei dokke, denne skal ta med tilbake til land og gjera livredding på, seier Tronerud.

Ørjan Sømme og Sindre Egeland har meldt seg til å vera først, men det betyr ikkje at dei gler seg.

– Det var for å bli ferdige først, så kan me heller sjå dei andre lida etterpå. Eg gruar meg som f***, seier Sindre før han skal hoppa uti.

– Får respekt for elementa

Dei fekk ikkje informasjon om denne delen av pensum før på måndag, men alle stilte likevel opp. Og Sømme og Egeland gjer som dei skal og hopper uti. Når dei kjem opp er dei klart prega av det kalde vatnet.

– Eg har ikkje kjensler i fingrane akkurat nå, det var litt kaldare enn me hadde venta, seier Ørjan.

Dermed har dei lært noko viktig ifølgje Tronerud.

– Dei får kjenna korleis muskulaturen svinn hen og gir deg ei kjensle av eigne avgrensingar og moglegheiter. Norges livredningsselskap køyrer knallhardt på sjølvberging nå, og at ein skal kjenna på kulda. Ein får meir respekt for elementa når ein får kjenne kor kaldt det faktisk er, seier han.