NRK Meny

Lærar dømt for overgrep

Ein lærar i Rogaland er dømt til fem års fengsel for fleire overgrep mot ein elev i ein periode på nesten fire år. Det Gulating lagmannsrett som har funne mannen skuldig for overgrepa mot eleven som var 12 år då det starta. I tillegg til fengselsstraff må mannen betala 175.000 kroner til eleven. Han er også frådømt retten til å jobba som lærar for alltid.