Hopp til innhold

Lacrosse har blitt ein «hit» blant studentar

Lacrosse er den raskast veksande studentidretten i Noreg. Denne helga blei fjerde runde i NM spelt i Sola.

Lacrosse har blitt en populær sport blant studenter. Og den raskest voksende studentidretten i Norge.

– Det er heilt sinnssjukt kjekt!

Karoline Schøll er målvakt på lacrosse-laget til Universitetet i Agder. I helga spelte ho fjerde runde i NM på Tananger i Sola.

Karoline Schøll

Karoline Schøll (øvst i bildet) er målvakt på laget til UiA.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ho har berre spelt lacrosse i litt over eit halvt år, men er svært glad for at ho starta, og er klar på at ho vil halda fram.

– Det var ein ny idrett for meg, men eg synest det er. Det er litt skummelt, og det er kanskje det som gjer det så kjekt. Du får eit adrenalinrush når du står i mål, for dersom ballen treff deg får du veldig vondt. Men det er også eit godt samhald på laget, og ein får vennar for livet, seier Schøll.

Lacrosse er den raskast veksande studentidretten i Noreg. I dag er det totalt ni herrelag, og elleve damelag for studentar her i landet.

Totalt er det over 600 registrerte lacrosse-spelarar i Norges Amerikanske Idretters Forbund. Av alle laga som er registrerte er det berre to som ikkje er studentlag.

Lacrosse
Foto: Anders Fehn / NRK

Kva er Lacrosse?

Lacrosse er ein idrett som stammar frå Nord-Amerika. Og det blir sagt at det var canadiske indianarane, som fann opp spelet på 1200-talet.

Kort sagt er det eit lagspel med ball, og to mål. Det er ti spelarar på kvart lag når herrane spelar, og tolv spelarar på kvart lag når damene spelar.

Spelarane har ei kølle med ei nettlomme i enden, og den blir brukt til å fanga og kasta ballen med. Målet med spelet er å scora på motstandaren sitt mål.

Taktisk minner spelet ein del om ishockey.

Det er ein fysisk sport, men det er strengare reglar for fysisk kontakt på damesida, enn på herresida. Difor bruker kvinnene mindre beskyttelsesutstyr enn det mennene gjer.

Finale i Oslo

– Det er ein veldig hurtig sport, og me må springa mykje. Det er mange reglar, og det er ikkje alle som greier å hugse dei, seier Anja Maloney Ehnebom.

Ho spelar Lacrosse på studentlaget til Universitetet i Stavanger, og var blant dei mange som deltok på NM-runden på Tananger i helga.

– Det har gått veldig bra. Me har spelt mot to veldige gode lag, som ligg heilt i toppen. Me tapte begge kampane, men det var likevel ein seier for oss, seier Anja Maloney Ehnebom.

Finalen i NM skal spelast i Oslo før sommaren.

Anja Maloney Ehnebom

Anja Maloney Ehnebom i aksjon i fjerde runde i NM.

Foto: Anders Fehn / NRK