Hopp til innhold

La Familia-rettssaka: Fire medlemmar arresterte på hotell

Fire svenskar er tatt for å prøva å påverka vitne i saka mot gjengmedlemmar frå klubben La Familia i Haugesund. Rettssaka er utsett til i morgon.

Økt vakthold i Haugaland tingrett

Etter episoden på onsdag er vakthaldet utanfor rettslokala i Haugaland tingrett auka.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Etter godt politiarbeid fann me ut at dei fire svenske medlemmane budde på eit hotell i byen. Der skjedde pågripinga utan dramatikk onsdag kveld, seier politiinspektør Thomas Utne Pettersen i Sør-Vest politidistrikt.

Det var under rettssaka mot seks medlemmar av einprosentklubben La Familia på onsdag, at fire svenskar kom inn i rettslokala. Desse kjem frå same klubb, og ifølgje politiet kom dei for å prøva å påverka vitna i saka.

Motarbeida rettsvesenet

Eit av vitna skalv etter at svenskane hadde vore inne i rettslokala, politiet væpna seg, men svenskane kom seg ut før politiet fekk fatt i dei. Etter søk fekk politiet fatt i dei onsdag kveld.

– Dei er sikta for å motarbeida rettsvesenet. Derfor er dei nå arresterte og plassert i varetekt i politihuset i Haugesund, seier Utne Pedersen.

I tillegg til dei fire svenskane er også eitt av dei tiltalte La Familia-medlemmane i rettssaka sikta for det same. Politiet tok telefonen frå denne mannen inne i rettslokala i dag. La Familia er ein såkalla einprosentklubb, noko som vil seia at dei har sine eigne lovar og reglar.

Rettssaka sett på pause

Torsdag morgon var vakthaldet ved Haugaland tingrett skjerpa. Alle blei kroppsvisiterte på veg inn.

– I tillegg så er det både uniformerte og sivile politimenn til stades. Me meiner det er trygt, viss ikkje hadde rettssaka blitt stoppa, seier Utne Pedersen.

Kort tid etter blei likevel saka sett på pause, etter at forsvarer Bjørn Vikse har bede om utsetting. Retten vil først ta ei avgjersle på dette i morgon.

Saka handlar eigentleg om seks menn som er tiltalt for kidnapping, vald og ran av eit sjuande medlem av La Familia. Leiaren av La Familia Haugesund er ein av dei som skulle forklara seg, ifølge dei andre tiltalte er det han som står bak alt som har skjedd.