Hopp til innhold

– Eg kan ikkje la vera å tenkja på jul

Medan det er over 20 grader og strålande haustvêr, førebur Sissel Kyrkjebø julekonserten i Stavanger. Her kan du få ein smakebit.

Sissel Kyrkjebø syng «Joshua Fit the Battle of Jericho».

SJÅ VIDEO: Sissel Kyrkjebø syng «Joshua Fit the Battle of Jericho».

– Eg kan ikkje la vera å tenkja på jul, seier Sissel Kyrkjebø.

For den verdskjende songarinna har alltid juletida i bakhovudet. Snart er julekonsertsesongen i gong for den verdskjende artisten, og i slutten av november står Stavanger for tur.

Jul heile året

– Det var så fantastisk gøy i fjor, og å få synga i Fartein Valen i Stavanger konserthus var fantastisk, så eg tenkte at eg måtte ta ein turné til.

Den siste veka har temperaturen mange stader passert 20 grader, sjølv om kalenderen syner midten av september. Men allereie i juni var mykje klart.

– Eg høyrer låtar og tenkjer at «den kunne vore fin ha på ein julekonsert». Så då ligg det ei heil liste klar når settlistene skal setjast i juni.

Tradisjonell og ny musikk

– Det var ei helg i byrjinga av august då det var endå meir absurd å tenkja på jul. Eg hadde med meg tre koristar frå New York på øving i Oslo. Då var det heilt sinnssjukt varmt og fuktig, så å synga «Glade jul» i det vêret, det var merkeleg! Eg prøvde med litt peparkaker og slikt, men det slo ikkje heilt an, seier ho.

I slutten av november står ho på scena i Stavanger, og på settlista står både dei tradisjonelle norske julesongane, men også mykje anna

– Det spanande å kombinera dei tradisjonelle songane med soul- og gospelmusikk.