Tysdag morgon høyrde kyrkjeverja ved Hana kyrkje i Sandnes uvanlege lydar frå kyrkja. Han trudde først det var nokon som gjekk på taket, men då han gjekk etter lyden såg han ein gjertrudsfugl som hakka på kledninga.
– Den leita nok etter makk i kledninga men flaug av garde. Me trudde saka var ute av verda, men fekk oss ei overrasking i dag tidleg, seier prest i Hana kyrkje Ronald Mong.
Hana-prest Ronald Mong har fått eit fugleproblem i hendene.
Prøver å skremma fuglen
For då dei kom på jobb i dag oppdaga dei at fuglen har vore aktiv i natt. Det var Sandnesposten som først skreiv om holet i kyrkja som er på ti gonger 30 centimeter stort. Skadar for fleire tusen.
Presten, som er langt frå rådvill, sette organisten i sving for å få bukt med problemet.
– Me har funne lyden av ein sporvehauk som blir spelt på repetisjon i heile natt. Håpet er at det skal skremma fuglen vekk, fortel han.
Organist Bjarte Lending har sett ut ein høgtalar som spelar av ei CD-plate med lyden av ein hauk i heile natt.
Kryssar fingrane for effekt
Han forklarer at fuglen ikkje kan skytsas då den er freda.
I morgon vil det visa seg om lyden av ein hauk har gjort susen, eller om skadane har blitt større. Presten kryssar fingrane.
Det er ikkje første gong ein gjertrudsfugl skaper problem for ei kyrkje. I 2012 skreiv NRK denne saka frå Nordland:
Gjertrudfuglen.