Hopp til innhold

Rogaland går mot rekordmange kvinner med klubbe

I dag er dei fire, men snart er dei ti. Rogaland nærmar seg 40 prosent kvinnelege ordførarar. Så mange kvinner har aldri hatt ordførarklubbe samstundes i vestlandsfylket.

Gro Skartveit

Gro Skartveit blir den nye ordføraren på Finnøy for Venstre og bidreg dermed til at Rogaland kan få nærmare 40 prosent kvinnelege ordførarar neste periode.

Foto: NRK (arkivfoto)

Ordfører i Gjesdal kommune Olaug Vervik Bollestad

Ordførar i Gjesdal kommune Olaug Vervik Bollestad held fram som ordførar i Gjesdal kommune for KrF.

Foto: Kristelig Folkeparti
Dagny C Sunnanå Hausken

Dagny Sunnanå Hausken blir ny ordførar i Rennesøy for Senterpartiet.

Foto: Senterpartiet

– Det er heilt fantastisk! Eg torde nesten ikkje å håpa på at det skulle bli så bra, sa Solveig Ege Tengesdal frå Egersund under valnatta.

Det gode resultatet for Kristeleg folkeparti i Eigersund gjer at ho nå blir kommunen sin nye ordførar, og ei av historisk mange kvinner som går inn i toppvervet i ein rogalandskommune.

Kan bli om lag 40 prosent

Frå fire kvinner nå ser talet ut til å bli ti (elleve om Strand får kvinneleg ordførar). Noko som utgjer om lag 40 prosent i Rogaland som har 26 kommunar. I tillegg til dette vil også fylkesordføraren i Rogaland den komande perioden vera ei kvinne.

– Det er heilt fantastisk at det er så mange kvinnelege ordførarar i fylke vårt. Spesielt gledeleg er det at så mange av dei representerer Høgre, det er dei såkalla flinke Høgre-kvinnene, ler Aase Simonsen som blir høgreordførar i Karmøy.

– For få kvinner elles

Den første kvinnelege ordføraren på øykommunen nokon sinne. Likevel er ho ikkje heilt nøgd med kjønnsfordelinga på Karmøy.

– Om ein ser på representasjonen elles i kommunen har det ikkje skjedd stort, det er framleis for få kvinner, seier ho.

Fleire historisk kvinner er Ane Marie Braut Nese i Klepp og Trine L. Danielsen i Hjelmeland. Også dei høyrer til Høgre og blir dei første kvinneordførarane i kommunane sine.

Braut Nese kan endå til smykka seg med å vera den første kvinna med ordførarkjede på heile Jæren.

Rogalands høgrekvinner saman med Erna Solberg

Erna Solberg saman med dei kvinnelege ordførarkandidatane frå Høgre i Rogaland. Bak frå venstre: Trine L. Danielsen, Norunn M. Østråt Koksvik, Chrisitine Sagen Helgø, Janne Johnsen. Framme frå venstre: Erna Solberg, Aase Simonsen, Ane Mari Braut Nese, Helene Barkved som kan bli ordførar i Strand Kommune.

Foto: Harald Eide Ellingsen

Erfarne og uerfarne

Dei kvinnelege ordførarane utgjer ei blanding av meir og mindre politisk erfaring.

Frå KrFs Olaug Bollestad i Gjesdal og Venstres Gro Skartveit i Finnøy, via Sentrepartiets Dagny Sunnanå Hausken i Rennesøy til Tone L. Danielsen i Hjelmeland.

Sistnemnde trur den historisk høge delen av kvinnelege ordførarar vil ha noko å seia:

– Ja eg håper nå det. Det blir nok meir tidseffektivitiet og vinkling på andre saker, seier L. Danielsen.

Avtroppande ordførar i Klepp er også nøgd med kvinnebølgja og kjem med følgjande råd til arvtakaren sin:

– Det viktigaste er at ho er seg sjølv og finn sin eigen stil, seier han.