Hopp til innhold

– Han har ikkje noko bodskap å koma med

Kvinnegruppa Ottar og sjefen for strippeklubben Money Talks delar prisen Årets Kverulant. Men Ottars leiar skjøner lite av kvifor strippesjefen blir æra.

Årets Kverulant

Randi Mobæk i Kvinnegruppa Ottar, og leiar for strippeklubben Money Talks, Osman Uzun, blei i kveld tildelt prisen Årets Kverulant.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me tar det som ei anerkjenning for det arbeidet som me har gjort gjennom mange år. Me har fremma debattar om likestilling og likeverd. Og me har skapt eit større rom for debatt i lokalsamfunnet, Randi Mobæk leiar i Kvinnegruppa i Rogaland.

Ho var ein av prisvinnaren då prisen Årets Kverulant i kveld blei delt ut på Kverulantkatedralen i Stavanger. Den andre som fekk prisen var sjefen for strippeklubben Money Talks, Osman Uzun.

Og sjølv om Mobæk er glad for prisen, spør ho seg kvifor den skal delast med akkurat han.

– Eg kan ikkje forstå at dei kan gi ein pris til ein som er ein profitør til sexindustrien, seier Mobæk.

– Eg synst ikkje han har noko bodskap å koma med. Det han har vore ute etter med Money Talks er å tene pengar på at kvinner strippar. Så det han har hatt fokus på er si eiga inntening, og ikkje kvinnene som har strippa der, og deira arbeidsforhold.

Måtte slå opp i ordboka

Osman Uzun hadde derimot berre godord å koma med til Ottar.

– Eg har respekt for den jobben dei gjer. Dei har vore imot det eg gjorde, men det får vera opp til dei, seier Uzun.

Uzun har skapt mykje debatt etter at han starta opp ein strippeklubb i Sandnes. Då kommunen ikkje ville gi han skjenkeløyve, gjekk han til sak. Han har tapt mot kommunen både i tingretten og lagmannsretten, men har anka saka vidare til Høgsterett.

Det er også bakgrunnen for at han i dag fekk kverulantprisen, noko han sett stor pris på.

– Det er veldig kjekt og koseleg å bli sett pris på på denne måten her.

Men ordet kverulant er ikkje berre lett å forstå.

– For å vera ærleg så har eg ikkje så god kjennskap til det ordet. Eg måtte faktisk slå det opp i ordboka, seier Uzun.

Den kverulerande prisen

Prisen Årets Kverulant skal gå til ein person eller personar med tilknyting til Rogaland, som gjennom året har gjort seg merka med å styrke det lokale, nasjonale eller internasjonale ueinigheitsfellesskapet.

Dei andre nominerte til årets pris var Sven Egil Omdal, Paul Stephens og Frank Helgesen.