Hopp til innhold

KVINNE UTSATT FOR LEKAMSKRENKING:

Ein mann i 50-åra vart seint i går kveld sett i arresten etter mistanke om lekamskrenking mot ei kvinne i slutten av 40-åra i Haugesund. Kvinna vart sendt til legevakt med lettare skader. – Begge to høyrer til eit rusmiljø. Det var ein bebuar i ein naboleilegheit som melde frå om husbråk, seier Jarle Utne-Reitan, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Politiet har oppretta sak mot mannen.