Hopp til innhold

Kvinne truga togkonduktør med sprøyte – sa ho hadde hiv

Ein togkonduktør på Jærbanen blei både truga og dytta over ende av ei kvinne i byrjinga av 20-åra i dag tidleg.

Klokka sju i dag tidleg gjorde ei kvinne i byrjinga av 20-åra seg svært vanskeleg då konduktøren skulle sjekka billetten hennar.

Truga med sprøyte

– Kvinna tok fram ei sprøyte og truga konduktøren. Ho sa at ho hadde hiv, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Deretter skal ho ha dytta konduktøren over ende.

– Ein passasjer som fekk med seg dette varsla oss i politiet. Toget var på veg inn til Bryne stasjon, så me stod der å venta på ho, fortel Stavik.

Politiet venta på Bryne

Men kvinna var ikkje meir medgjerleg sjølv om lovens lange arm tok henne imot.

– Ho var ikkje valdeleg mot politiet, men ho gjorde seg vanskeleg, fortel Stavik.

Nå sit kvinna i arresten, og konduktøren er inne til avhøyr. Verken konduktøren eller politiet blei skadde i hendinga.

Politiet si melding på Twitter om hendinga:

Laster Twitter-innhold