NRK Meny

KVINNE TIL SJUKEHUS ETTER BRANN:

Brannvesenet rykka i natt ut til ein bustadbrann i Nedre Vats i Vindafjord. Brannvesenet var raskt på staden for å sløkkja brannen, som starta i samband med fyring i ein vedomn. Det var kvinna i slutten av 60-åra som bur der som varsla om brannen, og ho vart sendt til Haugesund sjukehus for sjekk. Det er mindre brannskadar i stova i huset, og ein del røyk som må luftast ut. Saka vil bli etterforska av Vindafjord lensmannskontor.