og Olaf Erlend Gundersen
Den vesle familien låg og sov i ein bungalow då flodbølga fløymde hytta deira, fortel politiførstebetjent Dag Øyen, som er talsmann for familien.
Mannen makta ikkje å halda fast i familien sin då flodbølga kom, og har ikkje sett sonen og sambuaren sidan.
Dei to er no etterlyst, og denne blir no sjekka opp mot alle registreringar som blir gjort i Phuket. Foreløpig er dei ikkje funne, seier Øyen.
Sambuaren til kvinna har kome seg ut av katastrofeområdet. Han har forlate Thailand og fått medisinsk hjelp.