Klokka 23.25 onsdag kveld blei politiet kontakta av ei 27 år gamal kvinne. Ho forklarte at ho hadde blitt seksuelt misbrukt i passasjen mellom Stavanger domkirke og Stavanger katedralskole, Kongsgård.
Politiet fekk ingen skildring av gjerningspersonen, anna enn at det var snakk om ein mann. Kvinna blei deretter frakta til valdtektsmottaket i Stavanger der det mellom anna blir sikra tekniske spor.
– Ho skal inn til avhøyr i føremiddag, opplyser operasjonsleiar, Henning Andersen, i Rogaland politidistrikt.
Politiet har sikra spor
Området der valdtekta skal ha skjedd blei sperra av politiet i går kveld.
– Me er nå ferdige med krimtekniske undersøkingar på staden, og har sikra spor, seier vaktleiar, Marianne Hagenes i Rogaland politidistrikt til NRK.no torsdag morgon.
– Kva type spor er det snakk om?
– Det vil me ikkje gå inn på nå, seier Hagenes.
Politiet er i full gang med å etterforska saka, og dei er interesserte i å koma i kontakt med personar som har vore i området ved Stavanger domkirke i tida før klokka 23.30 i går.
– Det var ein utedag i går, så det var ein del folk ute, seier ho.
Ingen tekne så langt
Den 27 år gamle kvinna skal i dag inn til avhøyr. Politiet vil ikkje sei noko om dei mistenker namngidde personar i saka.
– Me etterforskar saka på vanleg måte, og har så langt ikkje teke nokon, seier Hagenes.