Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra sikta for drapsforsøk og innlagt på SUS

Torsdag ettermiddag vart ein mann stukken med ein skarp gjenstand i Verven i Stavanger. Politiet arresterte ei kvinne i 30-åra i det same leilegheitskomplekset og ho er no sikta for drapsforsøk, fortel påtaleansvarleg Fredrik Martin Soma til NRK. Kvinna er no innlagt på sjukehus.

– Vi er ikkje kjend med at der skal ha vore noko kontakt mellom fornærma og sikta anna enn det som skjer like før hendinga, seier Soma.

Politiet etterforskar framleis saka. Der skal ikkje ha vore vitne til hendinga, men dei vil likevel ha kontakt med naboar som kan ha nyttig informasjon.

– Vi ber difor om at dei som har opplevd, høyrd eller sett noko i går ettermiddag tek kontakt med politiet, seier Soma.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Flere nyheter fra Rogaland