NRK Meny
Normal

Kvinne alvorleg skadd i trafikkulukke

Ein bil hamna på taket ved Melsvatnet i Time kommune. Kvinna i 60-åra, som køyrde bilen, er frakta til Stavanger universitetssjukehus med alvorlege skadar, melder politiet.

Trafikkulukke ved Melsvatnet

VAR FASTKLEMT: Kvinna sat fastklemt etter ulukka og måtte takast ut av brannvesenet.

Foto: Ronny Hjertås

Klokka 16.30 fekk politiet melding om ein bil som hadde hamna på taket ved Melsvatnet mellom Ålgård og Undheim i Time kommune.

– Kvinna sat fastklemt i bilen og brannvesenet måtte berga ho ut, seier operasjonsleiar Henning Andersen i Sør-Vest politidistrikt.

Ho blei deretter frakta til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse. Tilstanden hennar skal då ha vore alvorleg. Klokka 18.20 melde sjukehuset at ho er alvorleg skadd og at tilstanden hennar er stabil.

Det var ingen andre i bilen, og det var heller ingen andre bilar involvert i ulukka.

Trafikkulukke ved Melsvatnet

VEGSPERRING: Fylkesveg 506 er sperra av etter ulukka. Omkøyring skjer via fylkesveg 205 og 213.

Foto: Ronny Hjertås

Vegen stengt

Politiet har nå sperra av Fylkesveg 506 der ulukka skjedde.

– Me har tilkalla Vegvesenet si ulukkesgruppe og kriminalteknikarar frå politiet, som skal gjera ei undersøking av åstaden. Ein kan derfor rekna med at vegen vil vera stengt i fleire timar, seier Andersen.

Politiet ber bilistar om å heller køyra via Fv205 og Fv213.

Laster kart, vennligst vent...

Trafikkulukka skjedde ved Melsvatnet i Time kommune.