Hopp til innhold

Kvinne (50) alvorleg skadd etter sykkelkollisjon

To syklistar, ei kvinne (50) og ein mann (32), vart frakta til Stavanger universitetssjukehus med alvorlege skader etter at dei kolliderte front mot front ved Hafrsfjord bru i dag tidleg.

Sykkelkollisjon ved Hafrsfjord bru

SJÅ VIDEO: Politiet er på ulukkesstaden.

Ulukka skjedde klokka 07.39 på vestsida av Hafrsfjord bru. Vegen vart stengd ein periode, noko som førte til veldig mykje kø i området ei stund etter ulukka.

– Det me veit er at dei to syklistane har kollidert front mot front, seier Henning Andersen, operasjonsleiar på operasjonssentralen til Rogaland politidistrikt.

Politiet veit endå ikkje kva som var årsaka til ulukka.

Klokka 10 melder Stavanger universitetssjukehus at mannen (32) er lettare skadd og at kvinna (50) er alvorleg skadd.