Hopp til innhold

Kvinne (21) overfalt og rana

Ei 21 år gamal kvinne, som var ute og jogga på Hommersåk, blei måndag kveld slått ned og rana av to menn.

Overfallsran

Overfallsranet skal ha skjedd litt før klokka 20, opplyser politiet.

– Kvinna var ute og jogga. Ved fotballanlegget stoppa ho opp for å knyta skoa. Då kjende ho eit smell bak i hovudet, fortel Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger, Karstein Tendenes.

To menn tok frå henne eit bankkort og eit busskort før dei stakk av. 21-åringen er nå på legevakta, men har klart å gi ei forklaring på korleis dei to mennene såg ut.

Overfallsran

Politiet vil ha tips

– Dei var om lag 180 centimeter høge, kledde i mørkt og dei snakka utanlandsk. Den eine av dei hadde hettegenser, seier Tendenes.

Politiet hadde lenge fleire politipatruljar ute i området, som så etter dei to mennene.

– Me har i tillegg vore ute på staden med fornærma, for å få oversikt over korleis det har skjedd, seier Tendenes.

Tirsdag morgon melder politiet at det ikkje er noko nytt i saka og at den vil bli etterforska ved Sandnes politistasjon.

Dei ber også om hjelp frå publikum. Dei ber folk som har tips i saka om å varsla politiet på telefon 02800.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve hendinga.