Hopp til innhold

Kvinna blei slått ned, rana og befølt

Den 21 år gamle kvinna, som i går blei slått ned og rana då ho var på joggetur i Sandnes, blei også utsett for krenkande åtferd. Det går politiet ut med i dag.

Overfallsran på Hommersåk

Fleire politistyrkar rykka måndag kveld ut til Hommersåk i Sandnes, for å leita etter gjerningsmennene. Ingen er førebels tekne.

Foto: Ronny Hjertås

– Kvinna har ingen alvorlege fysiske skadar, berre overflatiske sår og hevelsar. Ho er likevel prega av det som skjedde, seier fungerande etterforskingsleiar på Sandnes politistasjon, Elisabeth Barsnes.

Det var måndag kveld ei 21 år gamal kvinne, som var ute på joggetur, stoppa opp for å knyta skoa sine ved fotballanlegget på Hommersåk i Sandnes. Plutseleg fekk ho eit smell i bakhovudet.

Krenkande åtferd

I dag går politiet ut med fleire detaljar rundt det som skjedde.

– I tillegg til at ho blei rana blei ho også utsett for krenkande åtferd i form av beføling, seier Barsnes til NRK.

Ho forsikrar om at politiet etterforskar saka for fullt, også utover kvelden. Førebels har dei ingen mistenkte i saka.

– Hovudfokuset vårt er å få identifisert gjerningsmennene og å ta vare på fornærma, seier ho.

Ønsker tips

Dei har fått inn ein del tips etter saka kom ut i media, men har framleis eit sterkt ønske om å koma i kontakt med vitne.

– Det vil vera spesielt interessant for oss å koma i kontakt med folk som var i området mellom 19 og 21, seier ho.

Den fornærma kvinna har forklart at dei to mennene snakka utanlandsk, at dei var om lag 180 centimeter og at dei var kledde i mørke klede. Den eine skal ha hatt ei hettejakke.

Overfallsran