- Norske industrileiarar er like håplause som den norske industripolitikken, det seier klubbleiar Kai Ole Togstad.
Fagforeininga har ikkje gjeve opp kampen for å redda arbeidsplassane. Dei har frist til neste konsernstyremøte, som er i slutten av mars.
Får tilbod om ny jobb
- Dei tilsette ved Kverneland på Nærbø får tilbod om alternativt arbeid, seier Konsernsjef Atle Eide. Kverneland-konsernet investerer fleire titals millionar kroner i plogfabrikken på Klepp, og der håper han at fleire av arbeidarane frå Nærbø kan få jobb.
Kverneland tek og initiativet til å etablera ei ny underleverandørbedrift i lokala på Nærbø, saman med fleire andre bedrifter på Jæren.
Eide håper at ingen av dei 140 arbeidarane på Kverneland på Nærbø skal gå ut i arbeidsløyse.
Norske arbeidarar for dyre
Leiinga i Kverneland ASA vil flytta produksjonen frå Nærbø til Aust-Europa og montasjen av produkta til Tyskland.
Det seier konsernsjef Atle Eide.
Han meiner det på sikt ikkje er mogleg å driva lønsam produksjon av denne typen produkt i Noreg.
- Vi har veld å gjera dette medan vi ennå har økonomisk handlefridom, seier Eide.
Flyttinga startar i slutten av dette året og skal vera ferdig innan eit år.
Varsko til styresmaktene
- I forslaget om å legga ned drifta ved Kverneland Nærbø ligg det ei kraftig varsko til styresmaktene.
Det seier konsernsjef Atle Eide i Kverneland ASA.
- Skal det drivast industri i Noreg må vi få ein industripolitikk som er til å leva med, seier Eide.
Med den rente- og valutapolitikken som vert drive i Noreg no er det vanskeleg å driva verksemd i Noreg. Det må politikarane snart forstå, seier han.