NRK Meny
Normal

– Amanda selde aldri kroppen sin

Sjå innslaget frå 1993 - då NRK-reporter Toril Våland ville finna ut kven kvinna bak filmprisen Amanda eigentleg var. Svein Landa, som hugsa Amanda, kunne forsikra om at ho aldri selde kroppen sin.

Sjå innslaget frå 1993 - då NRK-reporter Toril Våland ville finna ut kven kvinna bak filmprisen Amanda eigentleg var. Svein Landa, som hugsa Amanda, kunne forsikra om at ho aldri selde kroppen sin.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 18. august 1993.

I kveld blir Amandaprisen delt ut for 41. gong i Haugesund. Den norske filmprisen avsluttar filmåret 2012/2013, og det blir delt ut prisar i 21 ulike kategoriar.

Prisen er ein statue i bronse, utforma av Kristian Kvakland, og skal førestilla Haugesund-kvinna Amanda.Men kven var eigentleg Amanda?

Dette spørsmålet stilde Toril Våland i 1993, og i dagens utgåve av Rogaland retro, kan du sjå kva svar ho fekk.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK