Hopp til innhold

Sjå video: Har starta slepearbeidet

Redningsskøyta har endeleg fått laus kvalen frå grunna, og er nå i gang med å slepe det gigantiske dyret til havs.

SJÅ VIDEO: Her blir kvalen slept frå Hellestøstranda.

Ein stor kval blei søndag oppdaga av turgåarar i strandkanten på Hellestøstranda i Sola.

Etter fleire mislukka forsøk, fekk redningsskøyta frå Stavanger i 12-tida endeleg laus kvalen frå grunnen på Hellestø. Båten er dermed i ferd med å slepe dyret til havs. Der ute skal Kystvakten ta seg av sjølve senkinga. Eit par hundre personar har møtt opp for å få med seg prosessen.

Viltansvarleg Audun Myhre sa søndag at det blir mest aktuelt å taua kvalen ut på havet og senka den.

– Eg trur det er godt for mange at kvalen blei flytta så raskt. Det var mange som var nysgjerrige på kvalen, og kom veldig tett på. Sjølv om den låg på grunn bevegde den på seg og det utgjorde ein fare for dei som stod rundt, seier kommunikasjonsleiar i Sola kommune, Marte Berge.

LES OGSÅ: Ikkje den første kvalen som kjem til Jæren

Det var viktig for Sola kommune å få utført slepeoppdraget måndag. Det er meldt dårlegare vêr utover i veka, noko som gjer at det hastar litt med å få unna jobben i dag, ifølge Berge.

To av dei som skodelystne var brørne Magnor og Hans Boganes.

– Me er pensjonistar, så me har ikkje så mykje anna å gjera, og dette var jo litt av ein sensasjon, så då hadde me lyst å reisa ut å sjå, seier Magnor.

– Det er jo spennande og interessant å få sjå ein kval, og så var det interessant å sjå om dei fekk den utpå, skyt broren inn.

Då kvalen blei oppdaga søndag førte det til at mange drog ut til Hellestøstranda for å sjå det sjeldne synet på nært hald. Dette førte til at politiet og Sola kommune bad folk halda avstand.