NRK Meny
Normal

Kva er det med Danielsen og denne plassen?

I fleire år har André Danielsen tviheldt på denne plassen på lagbilete. Sjølv meiner han at det ikkje er bevisst. Lagkameratane er ikkje samde.

Det var mykje lått og løye då Viking skulle ta lagbilete i dag. Ein ting som kom fram var at André Danielsen nesten alltid sit på den same plassen på lagfotoet. Sjølv meiner han det er tilfeldeg.

NYTT LAGBILETE: Det er berre fem dagar til Viking møter Vålrenga i eliteserieopninga. Til då må alt vera på plass. Også nytt lagbilete.

– Er det overtru?

Det er Anthony J. Soares som spør. Sjølv om han berre har vore i Viking sidan i fjor vinter har han lagt merke til at André Danielsen alltid sit lengst framme inntil målvaktene på Viking sine lagbilete.

Danielsen nektar for at det er noko han gjer bevisst.

– Eg blir berre plassert her, seier han.

Soares meiner likevel at han såg Danielsen kasta vekk ein annan spelar for å få plassen sin, og der står nå saka.

Lagbilde, Viking

God stemning då lagbilete blei teke.

Foto: Hanna Lokøy

Det var med andre ord ei uformell og lett stemning då Viking skulle ta lagbilete i dag. Og kanskje er låge skuldrer og god stemning oppskrifta Viking går for når dei om fem dagar når dei skal spela mot Vålerenga i serieopninga.

Videoen under er nok eit døme på at det er lite å seia på stemninga i laget før sesongstart.

Ian Burchnall med krass kritikk til Viking-spelarane.

Ian Burchnall er Viking sin assistenttrenar. Her kjem han med krass kritikk til eigne spelarar.