Hopp til innhold

Kunstnarar avviser større flyktning-ansvar

Kunstnarar og kulturarbeidarar har ikkje eit større ansvar enn andre når det gjeld å stilla opp i flyktningkrisa, meiner fleire artistar og skodespelarar.

Kristoffer Joner under søndagens pressekonferanse i forbindelse med filmen "Bølgen" i Haugesund

Kristoffer Joner meinar alle har eit ansvar for å hjelpa til i flyktningkrisa, ikkje berre kulturfolk.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Kultursjefen i Stavanger sender i desse dagar ut ein e-post til byens kulturaktørar der dei blir oppfordra til å bidra med noko til flyktningane på mottak. Før jul utfordra han kulturlivet til flyktninginnsats i Stavanger Aftenblad, og nå er debatten i full gang.

– Kulturen kan sjølvsagt hjelpa til, men det synst eg også alle andre skal gjera. Anten det er legar, advokatar, lærarar, kokkar, eller kva det måtte vera, seier skodespelar Kristoffer Joner.

Han har fått med seg debatten som har oppstått i Stavanger etter at kultursjef Rolf Norås før jul sa at han vil oppfordra kulturlivet i byen til å gjera noko for flyktningane.

– Det synst eg bra, engasjerte folk likar me, slår Joner fast.

Forstår ikkje utspelet

Bjørn Arild Ersland

Forfattar Bjørn Arild Ersland.

Foto: Eirin Margrethe Fidje / NRK

Også andre kulturfolk i regionen, som skodespelar Vegar Hoel og Skambankt sin frontfigur Terje Winterstø Røthing, seier til NRK at dei støttar utspelet.

Men dei er opptatt av at kunstnarar ikkje må føla meir ansvar enn andre, og forfattar Bjørn Arild Ersland forstår slett ikkje utspelet frå kultursjefen.

– Eg er skeptisk til ideen om at kunsten og kulturen veldig ofte skal brukast til noko ut over seg sjølv. Det er liksom ikkje nok det som ligg i kunsten i seg sjølv. Du skal oppnå eit eller anna, meiner han.

Han synst ikkje noko om at låglønte kunstnarar skal stilla opp på dugnad, og at det blir spelt på samvitet til folk.

Viser til Dickens juleteater

Kultursjef Rolf Norås

Kultursjef i Stavanger, Rolf Norås.

Foto: NRK Rogaland / NRK

Kultursjef Rolf Norås har fått mykje støtte etter at han kom med utspelet sitt før jul. Denne veka kjem han til å senda ut ein e-post til kulturlivet.

– Eg gjer dette fordi eg trur kulturen kan spela ei viktig rolle i ein situasjon som flyktningane er i. Me må senka terskelen for tilgjengelegheit for denne gruppa, kanskje på ein annan måte enn for det ordinære publikum, meiner han.

I haust hadde Rogaland Teater gratisførestilling for vanskelegstilte, som fekk sjå Dickens juleteater.

Det er slike tiltak Norås ønsker seg, at flyktningar får oppleva noko av det same som andre. Det skal vera frivillig, og det kan bli søkt om støtte frå kommunen.

– Me trur at eit godt kulturtilbod bidrar til ein enklare kvardag for flyktningane.

– Skal ikkje pressast inn i leikarring

Arne Nøst

Teatersjef ved Rogaland Teater, Arne Nøst.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Rogaland Teater har alt bestemt seg for å bidra med teaterleik for barn på asylmottak, og gratis visning av ein engelskspråkleg teaterkonsert til våren. Men teatersjef Arn Nøst forstår også kritikken som har kome mot utspelet frå kommunen.

– Det er ikkje sikkert dei skal pressast inn i ein norsk leikarring. Me kan definitivt bidra som teater, men kanskje deira eige kunst- og kulturuttrykk er viktigast nå.

Den nye leiaren for Norsk Kulturråd, Tone Hansen, seier også rådet nå vil drøfta tiltak for flyktningar. Ho ser ikkje problemet med initiativet frå kultursjefen i Stavanger.

– Dette synst eg er eit positivt tiltak frå ein offensiv kultursjef, så dette burde berre blitt applaudert.