Hopp til innhold

Kunsten skal redda bygda

Nå veit bygdefolket på Nesflaten korleis kunst og arkitekttur skal trekke nye folk til bygda. Det einaste som manglar er eit kraftig byggelån.

"Fjellmassiv" i tre på taket av sentrumsbygget på Nesflaten.

"Fjellmassivet" i tre på taket av sentrumsbygget på Nesflaten, slik arkitektfirmaet ser det for seg.

Foto: Snøhetta arkitektkontor

Åshild Vetrhus og Odd Bakka framføre sentrumsbygget på Nesflaten

Åshild Vetrhus og Odd Bakka står framføre butikken og sentrumsbygget på Nesflaten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg føler meg ganske sikker på at det kjem til å gå bra, seier Åshild Vetrhus. Ho er småbarnsmor frå Nesflaten og medlem av ei lokal arbeidsgruppe i bygda.

Akkurat nå pakkar ho opp ein modell, som arkitektfirmaet Snøhetta har laga. Den viser eit "fjellmassiv" i tre, som skal monterast på taket av det bygget der den einaste butikken i bygda held til.

Modellen frå Snøhetta av korleis sentrumsbygget på Nesflaten skal få eit "fjellmassiv" på taket

Modellen frå Snøhetta, bygd på Jeppe Hein sine skisser.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det einaste me er heilt sikre på er at det blir dyrt, men det vil føra med seg så mykje positivt, at det vil betala seg mange, mange gonger, seier Vetrhus med overtyding.

Bygda som ikkje vil gi seg

Nesflaten i Suldal kommune er ei bygd der om lag 250 menneske bur. Dei fryktar fråflytting, som så mange andre bygder i landet, men dei har bestemt seg for å gjera noko for å hindre at det skjer.

– Dette prosjektet er etter vårt syn så stort at heile verda bør få høyra om det, seier ei stolt Åshild Vetrhus.

Først inviterte dei den danske kunstnaren Jeppe Hein på besøk. Etterpå laga han eit utkast til korleis taket på sentrumsbygget kunne bli ei utsiktsplattform for turistar, og korleis ei fontene kunne bli eit viktig element på kaien ved Suldalsvatnet.

Ei skisse som viser at butikkbygget på Nesflaten har fått eit "fjellmassiv" i tre på taket

Butikkbygget på Nesflaten slik kunstnaren Jeppe Hein og arkitektkontoret Snøhetta vil ha det.

Foto: Arkitektkontoret Snøhetta

Deretter tok arkitektkontoret Snøhetta tak i utkastet, og denne veka har ei arbeidsgruppe på Nesflaten vist fram modellen av taket på sentrumsbygget, på ein grendakveld på samfunnshuset.

Storsatsing for lita bygd

– Dei tenkjer stort og dyrt, men det er kanskje det som må til for å få opp interessa og for å kunne klare å gjennomføra det, seier Udmund Nybø.

Udmund Nybø sin hage kjem til å bli godt synleg frå taket på det nye sentrumsbygget.

Udmund Nybø sin hage kjem til å bli godt synleg frå taket på det nye sentrumsbygget.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han bur berre hundre meter frå sentrumsbygget og veit at dei som ser på naturen frå taket til butikken, også kan sjå ned i hagen hans.

– Me må nok snakka litt med dei som står i spissen og forhandla om kor utsiktspunkta der oppe skal vera, men det går truleg greitt, seier Nybø, som ønskjer "utsiktsfjellet" velkommen.

Bygginga står att

– Nå må me ut og finna pengar til å realisera sjølve bygginga. Det har me jo ikkje pengar til i dag, seier Åshild Vetrhus om den neste store utfordringa.

Slik ser sentrumsbygget på Nesflaten ut i dag

Slik ser sentrumsbygget på Nesflaten ut i dag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dei har samla inn 600 000 kroner til forprosjektet og dei har brukt opp dei pengane. Kor mykje sjølve bygget kjem til å kosta, vil ikkje Vetrhus seie noko om, men ho meiner det skal la seg gjera.

– Det vil kunne føre til fleire arbeidsplassar i bygd og fleire ungar på skulen, og at me generelt kan få det endå trivelegare, enn slik me alt har det her på Nesflaten, seier ho.