Hopp til innhold

KS: – Alle kan bli kvitt ufrivillig deltid

Styreleiar i KS Rogaland, Hildegunn Bjelde, meiner det bør «røskast» opp både på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida i kommunane for å bli kvitt deltidsproblematikken.

Deltidsarbeid Haugesund

Siv Iren Are arbeider i ei 66,08 prosent stilling som helsefagarbeidar i Haugesund kommune. Ho synst det er tragisk at ho ikkje kan få ein høgare stillingsprosent.

Foto: Thomas Halleland

I Eigersund kommune er det jubel over at 230 ufrivillig deltidstilsette er redusert til 21.

Men det er ikkje like roseraudt overalt i Rogaland. I Haugesund kommune er det rett over 1000 tilsette i helse- og omsorgssektoren som har under 100 prosent stilling. Av desse har halvparten mindre enn halv stilling.

Jobbar 66,08 prosent: – Tragisk

Siv Iren Are er helsefagarbeidar i Haugesund kommune. Ved Haraldsvang omsorgssenter har ho ei stilling på 66,08 prosent. Helst skulle ho hatt ein høgare stillingsprosent.

– Det er tragisk rett og slett. Eg kunne tenkt meg ei stilling på 85 prosent, litt høgare. Det er ein kamp kor eg må slåst om vaktene, og eg kan ikkje planlegga noko. Det er eit slit, seier ho.

Sissel Hynne er kommunaldirektør for Helse og omsorg i Haugesund kommune. Ho seier situasjonen med deltidstilsette i kommunen kan bli betre.

– Dette kjem rådmannen til å sjå i samanheng med dei prosessane som går i kommunen. Alle bør ha ein lønn dei kan leva av, men me må og sjå dette i samanheng med at helger skal dekkast og rett kompetanse skal vera på plass, seier Hynne.

KS: – Går an å gjera mykje

Hildegunn Bjelde

Hildegunn Bjelde, styreleiar i KS Rogaland.

Foto: NRK

Hildegunn Bjelde er styreleiar i KS Rogaland. KS har jobba mykje med å få folk frå deltid- til heiltidsstillingar.

– Det har nok vore slik at kommunane som har hatt størst utfordringar med deltid har hatt sterkast fokus på å gjera noko med det. Og kanskje tatt i bruk grep for å få vekk noko av den ufrivillige deltida me ser i kommunesektoren, seier ho.

Blant anna handlar dette om eit sterkt og godt samarbeid med fagforeiningane, ifølge Bjelde.

– Kvifor kan ikkje Haugesund berre gjera det Eigersund gjer?

– Det kan det godt henda Haugesund gjer, men eg høyrer Eigersund har vore veldig flinke til å dra med seg partane i arbeidslivet tidleg og snu deltidskulturen til heiltidskultur.

Ho meiner det bør «røskast» opp både på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida i kommunane for å bli kvitt deltidsproblematikken.

– Innføre turnusområde som for eksempel helse- og omsorg vil det alltid vera noko behov for deltidsstillingar, men gjennom ønsketurnus og forhandlingsturnus går det an å gjera mykje. Men det krev godt samarbeid, noko alle kan få til, seier Bjelde i KS.