Hopp til innhold

Kroken på døra for nevrokirurgi i Stavanger?

All nevrolkirurgi på Vestlandet bør samlast på Haukeland Sjukehus i Bergen. Det er konklusjonen til ei ekstern ekspertgruppe.

Operasjonssal
Foto: NRK

Ekspertgruppa, som ha gått gjennom nevrokirurgitilbodet på Vestlandet, la fram rapporten sin i dag.

- Ekspertgruppa er samde om konklusjonane i rapporten, sa nevrokirurg Lennart Persson som er ein av dei fire som har sitte i ekspertgruppa bak fagrapporten.

Ekspertgruppa meiner det ikkje har noko for seg at ein har eit nevrokirurgisk tilbod i begge byane.

- Vanskeleg sak

Tilbodet innanfor nevrokirurgi på Vestlandet har vore gjenstand for mykje diskusjon og oppheta debatt etter at det vart klart at Bergen ikkje hadde holdt sin del av ein samarbeidsavtale. Grunna dei steile frontane innad i Helse Vest mellom Bergen og Stavanger, bestilte Helse Vest ein ekstern fagrapport for å vurdere situasjonen. Det er denne rapporten som i dag vert lagt fram.

- Det har vore ei tung tid, sa styreleiar Oddvar Nilsen på dagens pressekonferanse.

- Ikkje nok folk

- Befolkningsgrunnlaget på 960 000 er for lite til å ha to nevrokirurgiske avdelinger i regionen.

Har ein fleire avdelingar, vil det kunne gå ut over kvaliteten, sa Persson.

Persson hevda vidare at også befolkninga i Stavanger vil vere tent med at kompetansen vert samla ved Haukeland. Han meiner ei sentralisering vil vere ein klar fordel.

- Det vil bli eit sterkare fagmiljø i Bergen, og det vil også folk i Stavanger nyte godt av, seier Persson.

23. mai skal styret i Helse Vest fatte vedtak i saka.