Hopp til innhold

No er det slutt for asylmottaket

På søndag er det kroken på døra for asylmottaket i Stavanger. Asylsøkarane er flytta ut, og dei tilsette er sagt opp. Men allereie i november kan mottaket bli opna igjen.

Stavanger asylmottak

Dei tilsette ved mottaket i Stavanger er samla til ein siste lunsj, før mottaket blir lagt ned på søndag.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det er ein vemodig dag, seier mottaksleiar Randi Schulz.

Kontor er rydda, asylsøkarane er flytta til andre mottak og nøklar er levert tilbake til huseigarane. No er dei tilsette samla til ein siste lunsj saman.

– Det er jo trist fordi dette er eit mottak som er godt drive, og fordi me har blitt knytt til dei menneska me jobbar me, seier sosialkonsulent ved mottaket, Taabi Abraham Haugland.

Etter seks år i drift, blir asylmottaket i Stavanger offisielt lagt ned på søndag.

– Fleire har teke det tungt

Om lag 200 asylsøkarar budde på mottaket, som bestod av fleire bustader rundt omkring i Stavanger sentrum, men no er det ingen igjen.

– Dei fleste har fått tilbod om nye mottaksplassar, medan nokre har fått opphald og har blitt tildelt kommuneplassar, seier Schulz.

Randi Shulz

Randi Schulz pakker dei siste tinga på kontoret til Stavanger asylmottak.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Alle har blitt flytta til mottak innanfor Region vest, det vil seia til andre mottak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Blant dei 200 asylsøkarane var det 35 born, dei fleste av dei har blitt flytta til stader i nærleiken av Stavanger.

– UDI har teke særskild omsyn til barnefamiliar, så mange har fått plass i nærleiken av Stavanger, men nokre har også fått plass på mottak i Bergen.

For fleire av asylsøkarane har det vore tungt å måtte flytte.

– Det har vore tøft, spesielt for dei som har vore her i mange år, som har born i skulen og som har eit nettverk her, seier mottaksleiaren.

Ville ikkje fornye kontrakten

Det var i mai i år at UDI offentleggjorde at dei ikkje ville fornye kontrakten med mottaket, som går ut 31. august.

Grunngjevinga då var at det ikkje kom nok asylsøkarar til landet. Men kort tid seinare endra situasjonen seg.

Grunna kraftig vekst i talet på asylsøkarar som har kome til Noreg dei siste månadane treng UDI igjen fleire mottaksplassar. Og dei har lyst ut fleire plassar på anbod.

Ventar på svar

Sjølv om mottaket i Stavanger no blir lagt ned, har Hero, som driftar mottaket, søkt om å få halde fram.

Det betyr at i teorien kan drifta vera oppe og gå igjen i Stavanger i november, men førebels har ikkje UDI bestemt seg for kven som skal få dei nye mottaksplassane.

– Det er sjølvsagt ein uhyre vanskeleg situasjon for oss. Me har drive med ei nedbygging av mottaket, parallelt med at me konkurrerer om å få halde fram, seier administrerande direktør i Hero Norge, Tor Brekke.

Tor Brekke

Tor Brekke er administrerande direktør i Hero Norge.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Og dei skulle helst ha sett at ei avgjer kom før mottaket vart lagt ned.

– Det er vanskeleg å halde på personale, leigekontraktar og andre samarbeidspartnarar, så dette er ein maksimalt krevjande situasjon, seier Brekke.

– Mykje kan gå tapt

Om mottaket ikkje skulle få ein ny kontrakt er det mykje som vil gå tapt, meiner mottaksleiaren.

– Veldig mykje går tapt. Først og fremst kompetansen blant dei tilsette som har jobba her i fleire år, i tillegg er det også mange etablerte samarbeidsforhold med kommunen som forsvinn. Politikarar i kommunen har jo sjølv støtta mottaket, og kalla det ein god modell for integrering, seier Schulz.

Og uansett kva som skjer med mottaket, så vil dei 200 asylsøkarane som allereie har blitt flytta, mest sannsynleg ikkje få flytte tilbake.

– Mange av dei har knytt eit sterkt forhold til byen, så for dei vil det vera like sårt som det ville ha vore for ein nordmann, å bli reven vekk frå det nettverket som ein har, seier Schulz.