Hopp til innhold

Fleire parti vil stoppe riving av kornlager

Fleire parti er sterkt kritiske til at Noregs einaste beredskapslager for korn kan bli reve. Dei ber regjeringa gripe inn.

Stavanger havnesilo

KAN BLI SELT: Noregs einaste reservelager for korn, Stavanger hamnesilo, kan bli selt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Både SV, Senterpartiet og Miljøpartiet De Grønne kjem med skarp kritikk mot regjeringa for at kornlageret Stavanger Hamnesilo, kan bli reve medan verdas matforsyning er meir truga enn på svært lang tid, skriv Nationen.

Stavanger Hamnesilo er eit av Nord-Europas største lagre for matkorn, med plass til ca. 200.000 tonn korn. No vil selskapet Cermaq, der Staten eig 60 prosent, selje anlegget. Ved eit eventuelt sal vil den mest sannsynleg bli reve for å gjera plass til bustadar og næringsverksemd. Difor har fleire politikarar kritisert at kornsiloen skal seljast. Men siloen er lagd ut for sal og fleire eigedomsaktørar har allereie meldt frå at dei er interesserte i den svært attraktive tomta.

Leder og stortingsrepresentant Rasmus Hansson i Miljøpartiet de Grønne.

KRITISK: Rasmus Hansson i MDG er kritisk til at Stavanger hamnesilo kan bli selt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er nær molbuaktig å la eit selskap der staten sjølv har aksjemajoriteten, få rive Norges einaste kornlager samstundes som regjeringa vurderer å byggje tilsvarande lagringskapasitet. Og det skjer i eit parti som har programfesta å igjen innføre beredskapslager for korn. Det er ei heilt evnelaus og ukoordinert forvaltning, og forbausande tafatt eigarhandtering av regjeringa, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson for MDG til avisa.

Ustabil kornmarknad

Samstundes fører konflikten mellom to av verdas største korneksportørar, Ukraina og Russland, til at kornprisane stig globalt, skriv Nationen.

Frp har programfesta å byggje opp beredskapslager for korn som svarar til befolkningas næringsbehov i eitt år. Næringspolitisk talsmann Øyvind Korsberg (Frp) seier konflikten i Ukraina gir grunn til uro.

Øyvind Korsberg

GODT ARGUMENT: Øyvind Korsberg seier uroa på marknaden er ei viktig påminning.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Det som skjer gir grunn til uro og er ei viktig påminning. Dei som argumenterer for auka satsing på kornproduksjon i Norge og sikker matforsyning har gode argument i så måte, seier Korsberg til avisa.

Han vil likevel ikkje seia om dette får konsekvensar for salet av kornlageret.

– Statsråden er vel informert og det er eit diskusjonstema i regjeringa. Eg trur det blir vareteke på ein god måte. Eg kan ikkje seie kva som blir debattert, men dei er merksame på situasjonen, seier han.

Utsikt fra Stavanger havnesilo

ATTRAKTIVT: Fleire eigedomsaktørar er interessert i tomta til Stavanger hamnesilo.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK