Hopp til innhold

Advokat er kritisk til korleis politiet handsama blindpassasjer-situasjon

Ein blindpassasjer fekk ikkje koma i land i Stavanger for halvanna veke sidan, då skipet returnerte hoppa han over bord og døydde. Advokat og venstrepolitikar Knut Eldhuset er kritisk til måten norsk politi handsama situasjonen.

Skip med blindpassasjer

Her passa politiet i Stavanger på at ein blindpassasjer i skipet Skaftafell ikkje skulle koma i land i Stavanger. Seinare hoppa han frå båten og døydde ved Nederland.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Knut Olaf Eldhuset

Knut Olaf Eldhuset er venstrepolitikar i Sandnes og advokat. Han er kritisk til korleis politiet handsama blindpassasjer-situasjon.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fekk blindpassasjeren, som hoppa i havet og døydde utanfor Nederland på fredag, godt nok høve til å søka om asyl då han var i Norge?

Dette meiner advokat og venstrepolitikar, Knut Eldhuset, er eit svært viktig spørsmål å få svar på. Ovanfor NRK opplyser politiet at all kommunikasjon med blindpassasjeren skjedde via skipet sin kaptein, og det stiller Eldhuset seg svært kritisk til.

– Eg stiller meg spørjande til om han i tilstrekkeleg grad har fått formidla nok informasjon til at politiet kan sjå på han som ein som ikkje søker asyl. Når kommunikasjonen har skjedd via ein tredje person kan det oppstå ein del misforståingar, seier advokaten til NRK.no.

Han meiner også at den mentale helsetilstanden på mannen burde blitt sjekka og teken med i vurderinga på bortvising.

– Djupt tragisk

Det var fredag for halvanna veke sidan at eit Gibraltar-registrert skip, som kom frå Togo, la til kai på Hillevåg i Stavanger. Politiet hadde informasjon om at det var ein blindpassasjer frå Nigeria på skipet.

Dei overvaka derfor skipet heile helga for at den nigerianske mannen ikkje skulle koma i land, sidan han verken hadde visum eller reisepapir.

Dersom mannen hadde ytra ønske om å søka asyl i Norge hadde han hatt krav på dette, men det gjorde han ifølgje politiet ikkje. Deira kommunikasjon med blindpassasjeren skjedde via kapteinen opplyser politiet i dag.

Seinare då lasteskipet returnerte hoppa mannen over bord med redningsvest ved Nederland. Han blei plukka opp av eit helikoptera. Det blei forsøkt livredning på mannen, men livet stod ikkje til å redda, skriv Flashphoto.nl.

– Det er ein djup tragisk situasjon og eg gjer meg refleksjonar om det som har skjedd. Når politiet har patruljert rundt båten er jo årsaka at dei ikkje ønsker at han skal koma i land. Dette blir noko forunderleg når me har ein asylpolitikk og eit lovverk i Norge som seier at dei som vil ha vern i det minste skal få høve til å snakka med politiet om dette, så får forvaltinga i ettertid ta stilling til om dette er ein reel asylsøknad eller ikkje, i denne saka kom det aldri så langt, seier Eldhuset.

– Dette er prosedyrane

Politiet på si side meiner at dei har handla slik dei skal i denne type situasjonar. Han meiner ikkje dei har vore for passive.

– Dette er prosedyrane som gjeld i samanheng med grensekontroll. Politiet spør ikkje dei som er aktuelle for bortvising om dei vil søka asyl. Det må dei søka om sjølv, seier politiinspektør Leif Ole Topnes i Rogaland politidistrikt.

Men korleis var kommunikasjonen med blindpassasjeren?

– Det var ein skriftleg dialog via kapteinen der han blei informert om bortvising grunna manglande visum, og han blei gjort kjend med at han kunne klaga på dette vedtaket og moglegheit til å be om utsett iverksetjing.

Han seier at det er dette som er standard prosedyre. Han meiner likevel at det som skjedde seinare med blindpassasjeren var trist.

– Det er tragisk at slike ting skjer, og det er ikkje noko som er tenkt vil skje. Politiet gjer ei rekke tiltak som er negative for folk, anten det er utvising eller andre ting, at slike ting skjer er likevel berre tragisk og det er ikkje meir å sei om det, seier han.

Eldhuset reknar nå med at politiet går gjennom rutinane sine og ser på om det kan vera noko klanderverdig med måten dei handsama situasjonen på.

Arkivvideo – frå fredag for halvanna veke sidan

Leif Ove Topnes, politiinspektør i Rogaland politidistrikt.

Arkiv frå 26.09.2014: Politiinspektør Leif Ole Topnes, om den pågåande blindpassasjer-situasjonen.

Flere nyheter fra Rogaland