– Folk bør tenka seg om før dei inviterer einsame heim til julaftan

Å bli invitert heim til ein ukjent familie for å feire jul kan gjera vondt verre for nokon, meiner byprest i Sandnes, Ingeborg Krager.

hender jul lys

Ikkje alle har nokon å feira julaftan saman med.

Foto: Colorbox

Reidun Synnøve Orest

Etter historia om Reidun Synnøve Orest (88), som søkte selskap på julaftan blei kjent, har mange opna heimane sine for einsame via Julesentralen.

Foto: NRK

Mange har i år valt å opna opp heimen sin for framande einsame julaftan.

Dette mykje på grunn av den rørande historia om Reidun Synnøve Orest (88), som rykka inn ei annonse i Aftenposten, der ho søkte selskap på julaftan. Responsen blei så stor at Røde Kors og VG oppretta Julesentralen for å kopla menneske på julekvelden.

Kan vera problematisk

Byprest i Sandnes Ingeborg Krager jobbar tett på einsame folk, og meiner initiativet er kjempeflott.

Likevel ber ho folk om å vera varsame når dei opnar opp heimen sin julaftan. Ho stiller seg spørjande til kva som vil skje etter julematen er eten, og gåvane opna.

– Det eg kjenner litt på er at eg heller skulle ønska at dette var noko me hadde med oss heile året. For det er mellom nyttår og jul, at me lev livet.

Nye relasjonsbrot kan vera tungt å takla for folk som allereie slit. Og sidan Julesentralen berre handlar om julaftan, kan ein tenka seg at det for mange berre vil handla om å ta inn ein framand denne dagen.

Derfor ber ho folk tenka nøye gjennom ansvaret dei tar på seg. For i verste fall kan det gjera vondt verre.

– Nokre av dei folka eg jobbar med treng ikkje fleire nederlag enn dei allereie har. Dei treng å ha nokon som alltid er der for dei, seier ho.

900 har meldt seg

Hos Rogaland Røde Kors blir det i desse dagar jobba for fullt med å setja saman puslespelet med einsame og dørene som har blitt opna for dei.

Per Arne Lea er klar over at Julesentralen berre gjeld for julaftan, men seier at arbeidet vil bli tatt vidare innanfor Røde Kors.

– Dette er ikkje noko me berre slepp ut på glattisen. Me skal ha god dialog med dei som kontaktar oss før jul, og også etterpå, seier Lea.

Ifølgje Lea er det 900 som har meldt seg i sentralen. Lea er spent på korleis julaftan vil bli for dei.

– Nå jobbar me med å kopla desse, og så håper me at dei alle får ei verkeleg fin julefeiring, seier han.