– Problemet med bygdepartia, som skal forsvara ei bygd sine interesser, er at dei skaper ein politikk der det er «grend mot grend». Det ikkje bra når målet er ein heilskapleg politikk i kommunane, seier statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger.
Ved førre kommuneval feira bygdelista Nærbølista 50 år og fekk over 30 prosent av stemmene i Hå kommune. I år stiller også Samlingsliste for Søre Hå, som skal setja den sørlege delen av kommunen i fokus, til val.
Mot bompengar og negativitet
Også i andre kommunar i Rogaland er fleire bygde- og einsaksparti etablerte. For eksempel «Nei til meir bompengar i Rogaland» og Optimistpartiet i Forsand.
– Problemet med einsakspartia er at veljarane eigentleg ikkje veit kva dei står for utanom den eine saka dei er tufta på, seier Tuastad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kan ikkje stå til ansvar
Det blir også vanskeleg for dei etablerte partia å styra når dei ikkje veit kva dei nye partia står for, meiner statsvitar Tuastad.
– Dei store etablerte partia har ein pakka dei skal selja til veljarane og stå til ansvar for. Men bygdelister og eisaksparti har berre ei sak dei løftar fram, for eksempel ei bru eller ei bygd. Kva dei meiner på andre område er heilt uklart. Det skaper uforutsigbarheit og gjer at desse partia ikkje kan stå til ansvar overfor veljarane.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Terje Mjåtveit har vore ordførar i Hå i to periodar der han har representert Nærbølista. Håper er å kapra ordførarstolen på ny etter valet i haust.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Ikkje noko problem
Ordførarkandidat for Nærbølista i Hå, Terje Mjåtveit, er ueinig og meiner det er mykje unødvendig frykt for bygdelistene. Han viser til at det i kommuneval nesten i like stor grad er snakk om personval som partival.
– Me prøver å gjera eit arbeid for folk i heile kommunen. Folk støttar opp om oss val etter val, og eg klarer ikkje sjå at det er eit problem at me blir for store.
Mjåtveit påpeikar også at dei etablerte partia går saman på kryss og tvers av partigrenser i lokalpolitikken, og viser til Frp- og Ap-samarbeidet i Sandnes.
– Det er ikkje lett å forstå identiteten til dei etablerte partia heller når det handlar om posisjonar, seier han.
- LES OGSÅ:
– Kvar grend med eige bygdeparti
Tuastad ser også positive sider med nye parti ser dagens lys, og meiner Nærbølista er blant unntaka som viser at ei bygdeliste kan fungera.
– Men så får me problemet igjen: At det veks fram andre bygdelister som ein reaksjon. Til slutt har kvar minste grend sitt vesle bygdeparti.