NRK Meny
Normal

Kritisk til endringar i båtførarprøven

Fleire som driv med kurs for folk som skal ta båtførarprøven melder om markant auke i strykprosenten etter at prøven blei fornya. Kurshaldar i Stavanger er svært kritisk til fleire av spørsmåla i prøven.

Båt

Båtførarprøven er obligatorisk for personar fødd 1.1.1980 eller seinare og som skal føra båt med meir enn 25 hk eller over 8 meter lengde.

Foto: HOLM, MORTEN / SCANPIX

«Hvor lenge varer et seks kilo pulverapparat/håndslukkerapparat med jevn og full utblåsning. Er det 5 sekunder, 15 sekunder, 115 sekunder eller er det 215 sekunder?»

Egil Nylund les opp eitt av spørsmåla frå den nye båtførarprøven, som trådde i kraft frå 2. mars i år.

Den tidlegare direktøren for Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) og båtkurshaldar i Stavanger gjennom 20 år, er svært kritisk til fleire av dei 250 nye spørsmåla i prøven.

– Eg har snakka med erfarne brannfolk som ikkje klarer å svara på spørsmålet om pulverapparatet. Me må ikkje gløyma at det er 14-åringar som får lov til å gå opp til prøven, seier Nylund.

Strykprosenten har gått kraftig opp

Egil Nylund

Kurshaldar Egil Nylund i Stavanger er svært kritisk til ein del av spørsmåla i den nye båtførarprøven. Nå ber han Sjøfartsdirektoratet retta opp det som er urimeleg.

Foto: Magnus Stokka

På kursa hans har strykprosenten gått kraftig opp sidan Sjøfartsdirektoratet kom med nytt pensum og 250 nye spørsmål til båtførarprøven i mars. Og det finst også andre yrkesgrupper som reagerer på fleire av spørsmåla, ifølge kurshaldaren.

– Enkelte spørsmål er såpass vanskeleg formulert at til og med helsepersonell seier at dette kan ikkje ein 14-åring svara på. Erfarne sjøfolk stiller seg også undrande til fleire av spørsmåla.

Norsk Maritim Kveldsskole driv kurs for folk som skal ta båtførarprøven over heile landet. Hos dei har strykprosenten etter endringane i mars gått opp med 10–20 prosent.

– Nokre av våre instruktørar reagerer kraftig på spørsmål som har lite med båtkøyring å gjera, seier dagleg leiar Frank de Flon.

Også Engelsviken Båtskole i Fredrikstad opplever ein merkbar auke i strykprosenten, spesielt blant unge.

Avviser kritikken

Heidi Therese Bless

Overingeniør Heidi Therese Bless i Sjøfartsdirektoratet avviser kritikken om at båtførarprøven har blitt vanskelegare.

Foto: Bjarte Amble/Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet er ansvarlege for innhaldet i båtførarprøven. Overingeniør Heidi Therese Bless avviser at spørsmåla har blitt vanskelegare og at strykprosenten har gått opp etter 2. mars.

– Våre tal viser at prøven har blitt enklare, ikkje vanskelegare. Strykprosenten har vore stabilt på 20 prosent, både før og etter den nye prøven, seier Bless.

Ho legg til at Sjøfartsdirektoratet likevel har fått tilbakemeldingar frå ein del kurshaldarar som opplever prøven som vanskelegare, og at prøven blir endra heile tida.

– Dersom me får tilbakemelding om at eit spørsmål er feil, blir det sjekka opp og retta umiddelbart.

Kurshaldar Egil Nylund i Stavanger har nå tru på at fleire spørsmål blir retta opp.

– Eg har jobba mot Sjøfartsdirektoratet i mange år og har inntrykk av at dei lyttar og er positive. Eg er overbevist om at dei rettar opp det som er urimeleg.

PS: Rett svar på spørsmålet om pulverapparatet er 15 sekund.