Det er i fredagens papirutgåve av Stavanger Aftenblad KrF-leiar Knut Arild Hareide lovar omkamp om bybana så snart det blir regjeringsskifte.
Dermed nektar KrF å gi opp bybana, trass i at lokaldemokratiet har sagt sitt og fylkestinget i desember i fjor sa ja til bussveg-alternativet.
Dette får gruppeleiar for Ap i fylkestinget, Tom Tvedt, til å reagera.
– KrF høvlar over det demokratiske fleirtalet som har sagt ja til bussveg. Samtidig overkjører dei sin eventuelle regjeringspartnar, Frp. Dette er undergraving av demokratiet, seier Tvedt til NRK.no.
– KrF må besinna seg
Førre månad varsla også Høgre at bybana slett ikkje er spora av på Nord-Jæren.
I sitt alternative forslag til nasjonal transportplan (NTP) vil partiet ha skjenegåande transport i storbyane, og lovar at staten skal stå for halvparten av finansieringa.
Til Stavanger Aftenblad fredag seier Hareide at: "Slik eg oppfattar det, er den største bremseklossen lokalt eit litt surt Arbeidarparti."
– Nå må KrF besinna seg og følgja dei demokratiske avgjerdene som er gjort, slik at regionen får det kollektivløftet som trengst, kvitterer Tvedt.
– Bybane vil bli ein katastrofe
Sjølv er Tvedt soleklar på kva han meiner i bybanesaka.
– Ein bybane vil bli ein katastrofe for regionen. Planleggingsarbeidet vil først vera ferdig i år 2021 eller 2022, så vil det ta fem år å bygga bana klar for ferdsel.
Tvedt minner også om NRK sine avsløringar om den omstridde pengebruken på PR-byrået Burson-Marsteller. Fleire politikarar har meint av ugreiingskontoret har fungert som eit propagandakontor og at pengebruken er ein skandale.