I 2009 skulle Yme feltet, som første felt på norsk sokkel, bli attopna for å nytta seg av det som var att av gass frå då feltet blei stengt i 2001. Slik blei det ikkje.
Det har blitt påvist mange manglar og feil ved den nybygde plattforma, som nå er i Nordsjøen etter å ha blitt bygd i Abu Dhabi. Og i dag skriv Teknisk Ukeblad at plattforma truleg blir skrota.
- Les òg:
– Pinleg
Oljeekspert i NRK, Harald Bøe, er krass i sin kritikk av prosjektet. Han meiner det er spesielt gale at plattforma har kome seg heilt ut i Nordsjøen, før denne avgjersla blir teken.
– Dette er i aller høgste grad eit pinleg prosjekt. Ein skulle tru at teknologien og kunnskapen hadde kome så langt at desse feila skulle blitt oppdaga lenge før Yme-plattforma blei slept ut i Nordsjøen, seier han om den moglege skrotinga.
Det er det nederlandske selskapet SBM Offshore som har stått for bygginga av plattforma, medan Talisman er operatør på feltet.
Dersom plattforma blir skrota før den har vore i produksjon er det første gong i norsk oljehistorie dette skjer. Bøe meiner at Teknisk Ukeblad er ei truverdig kjelde for påstandane, og seier at grunnane for skroting er mange.
– Det er ein drøss med feil på det elektriske anlegget, noko som sjølvsagt ikkje er bra på ein plattform som skal produsera gass. For det andre har det vore sprekker i betongen, som har ført til ein slags vibrasjon i beina som skal stå på havbotn, dermed kan ein risikera kollaps, seier Bøe.
Sjå TV-sak:
Blei evakuert
Allereie då plattforma blei bygd ved eit verft i Abu Dhabi byrja problema. Eit besøk frå Petroleumstilsynet førte til mykje refs. Etterpå har skandalane nærmast stått i kø.
- Les òg:
- Les òg:
I ein Youtube-video kan ein sjå korleis Yme-plattforma svaiar i eit uvêr ute i Nordsjøen, filmen er det ein arbeidar på plattforma som har lagt ut (sjå videoen nedanfor).
I juni i år blei plattforma evakuert for folk på grunn av sprekkar i berestrukturen. Etter evakueringa har det ikkje blitt sendt folk tilbake til det som sidan har vore ei spøkjelsesplattform.
- Les òg:
Neste steg blei å førebu seg på ein mogleg kollaps av heile plattforma.
Sjå korleis plattforma svaia
Kan bli ny utbygging
Ein kollaps på Yme ville sett både menneskeliv og natur i fare, derfor meiner Bøe at ein også kan sjø lyst på skrotinga.
– Eg trur me kan snu dette problemet og sei at dette kanskje er bra, for det kan henda at denne plattforma ikkje var trygg nok. Me må i alle fall rose styresmaktene for å føra ein streng politikk for Talisman og Yme-prosjektet, for det veit eg dei har gjort, seier han.
– Men korleis kan noko som dette likevel skje?
– Det slik som kan skje når ein bygg i utlandet og ikkje har god nok oppfølging frå operatøren, svarar Bøe, og viser til bygginga i Abu Dhabi.
– Kven må betala dette nå?
– Det er nok SBM Offshore som må ta det meste av erstatninga, men litt må nok også Talisman som operatør betala for. For desse oljeselskapa er likevel ikkje dette snakk om store summar, seier han.
Med skroting seier han at det truleg vil bli sett i gang eit arbeid med å finna nye utbyggarar til å laga ei ny plattform til Yme-feltet.
– Det skulle ikkje forundra meg om det var eit norsk selskap som fekk denne jobben, avsluttar Bøe.