Hopp til innhold

Kritisk skadd etter kollisjon – E39 stengt i fleire timar

Ei kvinne er kritisk skadd etter ein frontkollisjon ved Bråstein på E39 i Rogaland. Vegen var stengt i fem timar i begge retningar etter ulukka.

Trafikkulukke ved Bråstein

Naudetatane på plass ved ulukkesstaden.

Foto: Ronny Hjertås

Klokka 15.43 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E39 ved Bråstein sør for Sandnes.

– Det er snakk om ein frontkollisjon mellom ein semitrailer og ein personbil, opplyste operasjonsleiar Frank Roland frå Rogaland politidistrikt like etter ulukka.

Tilstanden er ukjent

I personbilen sat ei kvinne. Ho blei fastklemt i bilen, samstundes som det også byrja å brenna i motoren. Brannvesenet sløkte brannen og fekk kvinna ut frå køyretøyet då dei kom på staden.

Kvinna blei frakta til Stavanger universitetssjukehus. Like før klokka 21 opplyser sjukehuset at tilstanden hennar er kritisk.

Etter ulukka

Mange bilar står i kø ved ulukkessaka.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Føraren av semitraileren blei frakta til legevakta med mindre skader.

Ifølgje politiet er det truleg personbilen, som køyrde sørover, som har køyrt inn i semitraileren.

Vegen stengt

Vegen har vore stengt i begge retningar, og Vegvesenet har tilrådd omkøyring om Sviland. Både politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe har jobba på staden etter ulukka.

Klokka 20.00 kom meldinga om at vegen var i ferd med å bli opna, men problem med å losna bremsene på vogntoget gjer at vegen framleis var stengt klokka 20.55.

Klokka 21.45 melder politiet at vegen er opna.

Trafikkulukke ved Bråstein

Twitter-meldinga frå brannvesenet:

Laster Twitter-innhold