Hopp til innhold

Kritisk dårleg sal for fleire gatemagasin

Stadig færre kjøper gatemagasin av rusmisbrukarar og andre vanskelegstilte. 10-årsjubilant Asfalt i Rogaland er blant dei som har nådd ei smertegrense.

Sissel Gismervik

Sissel Gismervik har vore Asfalt-seljar i Stavanger nesten heilt sidan oppstarten for ti år sidan. Gatemagasinet er blant fleire i landet som har opplevd kraftig salssvikt dei siste åra.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Hei, dame. Vil du kjøpa eit nytt nummer av Asfalt, roper Sissel Gismervik ut i sentrumsgatene i Stavanger.

Ho har selt gatemagasinet nesten frå starten i oljebyen. Alltid har ho eit blad eller to i ryggsekken.

Denne månaden er det jubileumsnummer. Gatemagasinet Asfalt i Rogaland feirar nemleg 10 år.

– Bladet betyr enormt mykje for meg. Det gjer at eg tener pengar til mat og bussen, seier Gismervik.

Maggi Hatløy

Styreleiar i Asfalt, Maggi Hatløy.

Foto: Magnus Stokka

Men som fleire andre gatemagasin i landet, slit Asfalt med sviktande salstal.

I 2015 var opplaget på i underkant av 20.00 blad per utgave. I dag trykkes det opp mellom 14.000 og 15.000 magasiner per utgave.

– Dagens opplag er eit minimum av det me må ha for å klara oss. Me har fått merka at folk ikkje har kontantar lenger. Men det hjelper med Vipps og eit underskot i 2017 er snudd til overskot i 2018, seier styreleiar i Asfalt, Maggi Hatløy.

Stor salssvikt i Bergen

Megafon, som blir gitt ut i Bergen, har opplevd eit opplagsfall frå om lag 15.000 eksemplar for nokre år tilbake til om lag 4500 i 2019.

– Det er mange årsaker til dette. Fleire av seljarane får rusbehandling, noko som fører til mindre behov for oss. I tillegg merkar me konkurransen frå andre blad, seier Jostein Hansen, avdelingsleiar i Alf (Senter for arbeidslivsforberedelse).

Det er dei som driftar Megafon, og ifølge Hansen er det fortløpande vurderingar om bladet er levedyktig.

=Oslo blir redda av juleboka

=Oslo er Norges første gatemagasin. Dei opplevde ei stort opplagsfall frå 2013 til 2014. I dag er snittet i opplaget på om lag 11.000 mot 14.000 i 2017.

– Me har opplevd nedgang dei siste åra og må jobba med å laga eit produkt som er relevant og interessant for folk. Magasinet er totalt sett levedyktig, men det er mykje på grunn av juleboka, seier dagleg leiar for =Oslo, Erlend Dahlhaug Paxal.

Juleutgaven av gatemagasinet =

Gatemagasinet =Oslo blir redda av juleboka, ifølge dagleg leiar Erlend Dahlhaug Paxal. Her er juleboka frå 2013.

Foto: Nora Brønseth / NRK

Gatemagasinet Sorgenfri, som blir gitt ut i Trondheim, vurderte å legga ned drifta i fjor. Magasinet hadde i 2010 eit opplag på om lag 10.000 blad. I fjor og året før låg det på om lag 5000.

– Me måtte tenka nytt og lanserte nettavis. Gatemagasina har vore bakpå på nett. I tillegg må me ta journalistikken på alvor, setja dagsorden og levera kvalitet, seier redaktør Vanja Holst Skotnes.

– Blir sett på som tiggarar

På Sørlandet hadde gatemagasinet Klar eit opplag på mellom 13.000 og 17.000 blad i månaden mellom 2006 og 2013. I 2019 er opplaget nede i om lag 3000.

Oddmund Harsvik, redaktør Gatemagasinet Klar

Dagleg leiar og redaktør i Gatemagasinet Klar, Oddmund Harsvik.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Eg trur gateseljarane har mista status blant folk. Dei bli sett på som tiggarar og mange sluttar å selja magasin, seier dagleg leiar og redaktør Oddmund Harsvik.

Han fortel at det tidlegare var 100 seljarar av magasinet i Kristiansand. I dag er det berre 15 att. Redaktøren ser likevel behovet for magasinet.

– Det er behov for tiltak som dette, men kanskje i kombinasjon med andre arbeidstreningstiltak. Me må finna på noko eller så må staten koma med midlar slik at me kan driva med underskot.