NRK Meny
Normal

– Kommunen går langt inn på indisk territorium

Advokat i India-saka, Svein Kjetil Lode, rasar mot Stavanger kommune si handsaming av saka. – Foreldra sit nå med ei kjensle av så ha spolert heile opplegget, seier han.

Svein Kjetil Lode Svendsen og Arunabhas Bhattachanya

Advokat Svein Kjetil Lode (t.v.) Svendsen kritiserer Stavanger kommune, som nå har avlyst rettsmøtet i morgon som skulle få ein ende på India-saka. På bilete er han saman med onkelen til dei to indiske barna som er i barnevernets forvaring. Onkelen skulle etter planen overta omsorgsretten for syskenparet, og ta dei med heim til India i morgon. (Arkivbilete)

Foto: NRK

Norway Nightmare - overskrift i indisk TV

STOR MEDIEMERKSEMD I INDIA: Barnevernssaka frå Stavanger har fleire dagar vore toppnyheitene i den store indiske TV-kanalen NDTV.

Foto: Skjermdump frå NDTV

Seint i går kveld sende Stavanger kommune ut ei pressemelding om at rettsmøtet i India-saka, som skulle vera i morgon, nå er avlyst.

Møtet skulle setja eit endeleg punktum for den mykje omtalte saka der barnevernet i Stavanger tok barna frå eit indisk ektepar som er busette her.

Onkelen skulle ha omsorg

Etter rettsmøtet var planen at onkelen skulle overta omsorga for barna, og ta dei med til India.

Advokaten til dei to foreldra reagerer kraftig på at kommunen nå har avlyst møtet.

– Dei stoppar møtet sidan dei fryktar ein mogleg tvist om barnet i India. Etter mitt syn er det å gå langt inn på indisk territorium, seier Svein Kjetil Lode. Han representerer foreldra til barna på eitt og tre år.

Han meiner at saka endrar karakter til å handla om barna kan få opphald.

– Det kan ikkje vera slik at 450 etiopiske barn kan bli sende heim til ei uviss framtid. Medan desse to barna, som vil heim til eit stort demokrati, saman med ein onkel som barneverntenesta sjølv har sagt er god nok, ikkje får reisa.

Høyr reaksjonen til advokaten her:

– Usemje mellom alle partar

– I siste liten har me fått med oss at det ikkje er ei samstemt haldning i familien. Så slik situasjonen er nå kan me i alle fall ikkje gå i retten på fredag, seier Gunnar Toresen, som er sjef i barnevernet i Stavanger.

Gunnar Toresen, sjef Barnevernet i Stavanger

Sjef i barnevernet i Stavanger, Gunnar Toresen, seier at dei ikkje lenger har tiltru til at det vil bli inngått ein reel avtale mellom foreldra og onkelen i den omstridde India-saka.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Han opplyser om at dei ikkje lenger har tiltru til at det vil bli inngått ein reell avtale mellom foreldra og onkelen i den omstridde saka.

Norske styresmakter har tidlegare blitt skulda for rasisme og kidnapping. Men i går, etter at det vart kjent at faren sjølv hadde kontakta barnevernet, har storavisa The times of India beklaga hardkjøret.

Dette har Toresen fått med seg.

– Eg registrerer at haldninga i India nå blir noko meir nyansert, og det er eg veldig glad for. Det har kome mange skuldingar mot oss. Men me kan ikkje prosessera ei barnevernssak i India, seier han.

– Ekstremt press

Nå seier barnevernsjefen at saka er tilbake til startpunktet.

Svein Kjetil Lode seier at foreldra har det vanskeleg.

– Dei sit nå med ei kjensle av skuld for at dei har spolert dette opplegget, så dei har det ikkje bra.

– Det barnevernstenesta ikkje har tatt høgde for er at foreldra har vore under eit ekstremt press. Kor vidt det har spelt ein avgjerande rolle er uklart, seier advokaten.