Hopp til innhold

Mange må stå i bussar som køyrer 90 kilometer i timen

Ein kan få bot om ein ikkje brukar setebelte i bussane. Likevel er fleire bussar så fulle at passasjerane må stå oppreiste utan nokon form for sikring. – Slik kan det ikkje vera, seier Ragnvald Nilsen, som er fylkespolitikar for Høgre.

Marius Olsen

Marius Olsen fekk ikkje seteplass, og må stå oppreist i bussen som køyrer 90 kilometer i timen på motorvegen i Stavanger. Han er likevel ikkje uroleg for tryggleiken sin.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ragnvald Nilsen, H

Ragnvald Nilsen i Høgre seier at situasjonen med ståande passasjerar i hurtiggåande bussar ikkje er haldbar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Nå krasja nyleg ein buss i Tysvær, ein kan berre tenka seg kva som kunne skjedd dersom den hadde vore full av ståande passasjerar, seier Ragnvald Nilsen, som sit i samferdselsutvalet for Høgre i Rogaland fylkeskommune.

Dei har det øvste ansvar for dei fleste bussane som rullar på vegane i Rogaland. Bussar som får kritikk for å ikkje vera trygge nok.

Påbod om bilbelte

Setebelte skal gjera bussferda tryggare, og der belta er installerte er det påbod om å bruka dei. Likevel er fleire bussar så fulle at ein ikkje får sete.

– Det er jo eit paradoks med eit lovverk som krev beltebruk når ein ikkje har nok seter i bussen ein gong, seier Ingrid Lea Mæland som er distriktsleiar i Trygg Trafikk.

Nilsen kan ikkje lova fleire bussar, men meiner selskapet som driftar bussane, Kolumbus må ta eit tak.

– Her er det viktig å omdisponera slik at ein får fleire bussar på dei travlaste rutene. Særleg er det mange som må stå i bussane som går om morgonen til skular og universitetet, seier Nilsen.

Sjå video:

Video Bilbelte på buss

VIDEO: I dei bussane som har installert setebelte er det påbode å bruka setebelta.

Må vera trygt i grøne bussar

I Rogaland er det setebelte i om lag halvparten av bussane. Alle bussar registrert etter 1999 skal ha tilgjengeleg setebelte, unntaket er bybussar med mange ståplassar.

På ein buss NRK blei med på, som køyrer på motorvegen, måtte fleire stå i midtgangen på grunn av mange passasjerar. Ein av desse var Marius Olsen:

– Eg trur ikkje det er så farleg sidan bussen køyrer rett fram, seier passasjeren til NRK.

Når fylkespolitikaren får sjå opptaket av dette reagerer han.

– Slik kan ein ikkje ha det. Det er viktig å understreka at alle har eit eigeansvar, men me må ha som mål at når ein går inn i ein grøn buss så skal tryggleiken bli tatt vare på.

– Og slik er det ikkje i dag?

– Nei, når folk må stå i bussar som køyrer på motorvegen, er det ikkje slik, seier Nilsen.