Hopp til innhold

Kristoff: – Det er min tur til å vinna

Søndag er det klart for siste etappe i Tour de France. Alexander Kristoff trur han kan bli første mann over målstreken på Champs-Élysées i Paris.

CYCLING-FRA-TDF2016-DEPARTURE

Alexander Kristoff har vore nære på å vinna på Champs-Élysées to gonger. No er han svolten på seier.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

– Eg føler at eg har ei moglegheit. Eg har spurta bra dei siste dagane det har vore sprint, seier Alexander Kristoff til Danmarks radio.

På søndag er det klart for siste etappe i Tour de France, med målgang på Champs-Élysées i Paris.

Ei stigande spurtform gjer at Kristoff har håp om å koma først i mål.

– I starten sleit eg litt, medan eg no har kome nærmare og nærmare for kvar spurt. Så eg veit at eg har moglegheita til å vinna.

Kristoff har så langt ikkje vunne ein einaste etappe i årets Tour de France, men han har vore svært nær.

På måndag kom Kristoff over målstreken som ein vinnar, men målfotoet viste at det var Peter Sagan som stakk av med ein knipen seier.

– No er det forhåpentlegvis min tur til å vinna, seier han om søndagens etappe.

En skuffet Alexander Kristoff måtte konstantere at Peter Sagan kom i mål noen hårfine millimetere foran nordmannen.

– Den lettaste touren

Og sjølv om det ikkje har blitt nokon etappeseier, synast han årets tour har gått greit.

– Dette har vore den lettaste touren eg har køyrd. Dette er min tredje tour, og eg synast dei to føregåande var hardare. I år har det vore to tempoetapper mot slutten av touren, slik at eg som ikkje kjempar i samandraget kan ta det litt med ro. Det hjelper på kor sliten ein blir mot slutten av løpet.

Håpar konkurrentane har sure bein

Kristoff håpar dei tøffaste konkurrentane er endå slitnare enn han sjølv.

Ein konkurrent treng han i det minste ikkje å uroa seg for. Mark Cavendish har allereie reist heim frå touren for å førebu seg til OL.

Men Kristoff trur Marcel Kittel og André Greipel kan bli vanskelege å slå.

André Greipel

Tyske André Greipel kom først i mål på Champs-Élysées i fjor.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Eg veit at Kittel vanlegvis kan slå meg i ein flat spurt, men no har det vore nokre tunge dagar i Alpene, så då håpar eg at han har blitt litt sliten, og at beina har blitt litt sure. Eg veit at eg vanlegvis går litt betre i fjella enn Kittel. Så då håpar eg at eg er litt mindre sliten, og har litt meir kraft igjen.

– Greipel har eit sterkt lag, og har så langt ikkje vunne ein etappe, så han er nok svolten.

Svolten på seier

Men det er også Kristoff. For han har vore nære på å vinna finaleetappen tidlegare. I fjor kom han på ein tredjeplass, medan året før kom han på andreplass.

– Eg har lyst til å vinna på Champs-Élysées. Eg har vore nære på to gonger, så då er det vel på tide å ta steget opp på toppen, seier Kristoff.